Formidlar
ViteMeir - Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS
- Frist 1.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår kreative og allsidige superformidlar?
Vil du inspirere born og unge til å utforske realfag og teknologi?
Me på ViteMeir er på jakt etter ein engasjert og allsidig formidlar som byr på seg sjølv. Du kan å bruke kreativitet og fagkunnskap til å inspirere og skape nysgjerrigheit og lærelyst hos både born og unge. Som formidlar får du bruke entusiasme, energi og drivkraft til å gjere realfaga levande for gjestane våre.
Er du som poteten – like nyttig til alt frå vitenshow til klasseromsbesøk – då er du kanskje akkurat den me leitar etter!
Arbeidsoppgåver:
Arbeidskvardagen din vil vere variert og full av spennande utfordringar. Som formidlar vil du vere med å ta imot og formidle til ulike grupper, alt frå barnehagar til vidaregåande skular og fritidsgjestar. I tillegg vil du vere med å:
- Utvikle og gjennomføre praktiske læringsopplegg og lærarkurs
- Besøke skular gjennom «ViteMeir på hjul»
- Delta i ulike prosjektsamarbeid
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar og vitenshow som gjer naturfag levande og engasjerande.
Den gode formidlaren er ein som kan skape entusiasme, byggje tillit og inspirere til nysgjerrigheit gjennom sitt eige engasjement.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Er/har du:
- pedagogisk kompetanse eller erfaring med formidling?
- sans for å stå framfor ei forsamling
- evne til å formidle kompliserte ting på ein enkel og spennande måte?
- kompetanse innan realfag, og særskild fysikk?
- digital kompetanse, og interesse for koding og programmering?
- ein ryddig og strukturert lagspelar?
- kreativ, nysgjerrig og idérik?
- sjølvgåande, tilpassingsdyktig og uredd?
- meistrar godt både norsk og engelsk?
- førarkort klasse B? Det må påreknast noko reiseverksemd.
Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Kva kan du vente deg?
- Ein unik sjanse til å vere med å forme og utvikle innhaldet i eit vitensenter
- Allsidig og triveleg arbeidsplass i stadig utvikling
- Kreativt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Løn etter avtale
Er dette noko for deg?
Send oss søknad og CV på e-post: jobb @vitemeir.no innan 1. februar.
Oppstart: Etter avtale, seinast 1. juli 2025
Om arbeidsgiveren
ViteMeir – Vitensenteret i Sogn og Fjordane as – er eitt av 13 regionale vitensenter i Noreg. Senteret ligg på Kaupanger i Sogndal kommune og har vore i drift i tre år. ViteMeir skal gje eit inspirerande og lærerikt tilbod til barnehagar og skular innan realfag, vere eit teknologisk opplevingssenter for familiar og fritidsgjestar, og ein unik møte- og utviklingsarena for næringslivet.
Som superformidlar får du moglegheit til å bidra inn i ein spennande arbeidsplass i eit kreativt og kompetent team. Dei tilsette ved ViteMeir utgjer om lag 15 årsverk. Senteret skal vere ei drivkraft i regionen i tett samhandling med mellom anna barnehagar, skular og næringsliv.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Skarpeteigvegen 2, 6854 Kaupanger
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Event og arrangementer, Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Annet, Ingeniør, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
formidling, pedagogikk, realfag, teknologi, fysikk
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 386476202
- Sist endret