Overlege
Helse Bergen
- Frist 17.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Overlege
Intensivmedisinsk seksjon har nå ledige stillingar som overlege. Intensivmedisinsk seksjon er ei topp moderne intensiveining på 11 senger. Seksjonen behandlar oppunder 600 pasientar årleg i alle kategoriar frå barn til vaksne. Seksjonen held høg fagleg standard og har eit godt og spanande miljø. Intensivmedisinsk seksjon dekker intensivmedisinsk behandling ved Brannskadeavdelinga (BSA) som har nasjonal funksjon, og har også tilsyn på andre eininger samt deltaking i traumeteam og hyperbar oksygenbehandling. Eksempel på avansert intensivbehandling som blir brukt ved Intensivmedisinsk seksjon er respirator, hemofiltrasjon og ECMO. Seksjonen har pasienten i sentrum med eit stort fokus på fag, forsking og utdanning.
Det er 13 intensivlegar og nærare 100 tilsette intensivsjukepleiarar tilsette ved seksjonen.
Tiltredelse etter avtale, så snart som mogleg. Ved eventuelt internt opprykk vil det bli ledig vikariat i 9 månader med mogleg forlenging som overlege. Vi oppfordrar difor alle som er interessert i et vikariat også til å søke.
Arbeidsoppgåver
- Delta i det daglege arbeidet ved seksjonen etter behov
- Deltaking i til ein kvar tid gjeldande vaktordning - for tida 11 delt bakvakt
- Det vil bli gitt opplæring før vaktteneste, og eininga har ordning med tertiærvakt i ein periode etter avtale
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Brei klinisk erfaring
- Inneha relevant spesialitet
- God IKT kunnskap
- Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på
- interesse for og kompetanse for forsking kan vektleggast
- Gode norsk kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Vi søker etter lege med interesse for intensivmedisin
- Det blir lagt vekt på gode evner til samarbeid med ulike faggrupper i tillegg til stor arbeidskapasitet
- Du har god organisasjonsforståing, er tilpassingsdyktig og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du er motivert og positivt innstilt til jobben
- Du er strukturert, sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Du er samarbeidsvillig, fleksibel og har gode kommunikasjonsevner
- Du likar å jobbe i eit tverrfagleg team med høg fagleg standard
Vi tilbyr
- Et spennande og stimulerande arbeidsmiljø ved ein aktiv seksjon, med sterkt fokus på praktisk og teoretisk opplæring, undervisning og forsking.
- Lønn etter gjeldande avtaler
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fagleg og personleg utvikling
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
overlege, kirurgisk serviceklinikk, Intensiv- og postoperativ avdeling, Haukeland sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 387239625
- Sist endret