Fagansvarleg kreditt bedriftsmarknad
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
- Frist 26.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søker ny kollega til viktig rolle
SpareBank 1 Sogn og Fjordane søkjer ny fagansvarleg kreditt bedriftsmarknad med kontorstad Førde. Banken har 66 milliardar i utlån, av dette er 16 milliardar lånt ut til bedriftskundar. Kredittavdelinga har ei sentral rolle i tilrettelegging av kredittarbeidet og styring av kredittrisiko i banken.
Kredittavdelinga har i dag 8 tilsette og har ansvar for utarbeiding av rammeverk og regelverk for kredittarbeidet i banken. Vi er ansvarlege for tilrettelegging av kredittsystem, kontroll og intern rapportering. Avdelinga skal gi opplæring til rådgjevarane innan kredittsystem og regelverk, og gi råd og støtte til kredittarbeidet i banken. I samband med at noverande fagansvarleg går over i anna stilling i banken søkjer vi etter fagansvarleg kreditt bedriftsmarknad.
Sparebank 1 Sogn og Fjordane har hausten 2024 gjennomført konvertering til Sparebank 1 Gruppen sine kredittsystem og løysingar. I 2025 vil vi fokusere på å hente ut gevinstar frå desse løysingane, og i dette arbeidet står Kredittavdelinga sentralt.
Arbeidsoppgåver
Som fagansvarleg kreditt BM vil du ha ansvar for:
- Utarbeiding og vedlikehald av regelverk og rutinar for kreditt BM og delta i arbeidet med å sikre gode og effektive arbeidsprosessar.
- Følgje opp eksternt regelverk og sikre god implementering og etterleving
- Opplæring av kunderådgjevarar
- Fagleg støtte for kunderådgjeverar og banksjef BM i det daglege kredittarbeidet
- Administrator for banken sitt kredittutval
Eigenskapar og kompetanse
- Høgare relevant utdanning
- Inngåande kunnskap om kredittarbeid og bedriftsøkonomi, samt kjennskap til selskapsrettslege problemstillingar
- Interesse for å halde seg oppdatert på nye regelverk og evne til å omsette dette i praktisk arbeid
- Evne til målretta og systematisk arbeid
- Kan arbeide sjølvstendig, i team og på tvers av fagmiljø
- God formidlingsevne, skriftleg og munnleg
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakte kredittsjef Gro Skrede Mardal, tlf. 481 67 094.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon, samt kredittsjekk. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til det.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Langebruvegen 12, 6800 Førde
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Annet
Nøkkelord
Bedriftsmarked, Kreditt, Fagansvar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 387260133
- Sist endret