Studierettleiar
Høgskulen på Vestlandet
- Frist 26.1.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Studierettleiar
Om stillinga:
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for teknologi, -miljø og samfunnsvitskap, har ledig eitt vikariat som
studierettleiar i studieadministrasjonen ved campus Bergen, Sogndal eller Haugesund.
Oppstart så snart som mogleg, med varigheit i eit år Stillinga som studierettleiar er ein del av fakultetet sin studieadministrasjon på om lag 20 personar, og næraste leiar er studieadministrativ leiar. Studieadministrasjonen på fakultetet er lokalisert på fleire av HVL sine fem campus.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Den som vert tilsett får eit hovedansvar for studentar og emne/program knytt til fakultetet sin EVU (etter- og vidareutdanning) aktivitet og til internasjonale studentar/arbeid med internasjonalisering. Oppgåver som ligg til stillinga:
• Rettleiing av studentar, både EVU og internasjonale studentar, i studieadministrative saker
• Variert saksbehandling
• Informasjonsarbeid retta mot studentar, tilsette og samarbeidspartnere
• Samhandling med til dømes eksterne partnere, oppdragsgjevarar, andre einingar ved HVL
• Koordinerande oppgåver og praktisk tilrettelegging i studietilboda
• Administrativt arbeid med studie- og emneplanar
• Registrering og kvalitetssikring av studentopplysningar og individuelle utdanningsplanar
Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
• Høgare utdanning på bachelor- eller masternivå
• Relevant studieadministrativ praksis
• Det er naudsynt med god administrativ IT-kompetanse og erfaring frå spesifikke verktøy (til
dømes Felles Studentsystem (FS), Canvas, og andre elektroniske portalar som nyttast ved HVL
• Søkjar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på båe målformer (nynorsk og bokmål),
og gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på engelsk
Ynskja kvalifikasjonar:
- Studieadministrativ erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
Personlege eigenskapar:
Den som vert tilsett må:
• Ha interesse for studentar og deira studiekvardag, særs med tanke på EVU-studentar
• Ha evne til å arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten og fleksibel
• Vere initiativrik, motivert og ha stor arbeidskapasitet
• Vere resultat- og løysningsorientert
• Vere serviceinnstilt
• Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Nødvendig presisjon i arbeidet
Personlege eigenskapar som er naudsynt for stillinga, vil bli vektlagde.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som studierettleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d)
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d/automatisk-godkjenning-et-raskere-alternativ)
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
Studieadministrativ leiar Jorunn Skei
E-post: jorunn.skei@hvl.no
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider. (https://www.hvl.no/)
Om arbeidsgiveren
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjonar. Fakultetet har 5 institutt med om lag 5 500 studentar og over 500 årsverk fordelt mellom campusane Sogndal, Førde, Bergen og Haugesund.
Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjonar. Fakultetet har 5 institutt med om lag 5 500 studentar og over 500 årsverk fordelt mellom campusane Sogndal, Førde, Bergen og Haugesund.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Inndalsveien 28, 5063 Bergen
- Flere arbeidssteder: Svanehaugvegen 1, 6812 Førde, BJØRNSONS GATE 45, 5528 Haugesund
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Veileder
Nøkkelord
studieveiledning, evu, sakbehandling, administrasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 387974734
- Sist endret