Miljøterapeut 100% fast
Øygarden kommune
- Frist 21.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Hidlamyra butilbod
Om avdelinga:
Hidlamyra butilbod ligg under rus og psykisk helse, sone sør. Er lokalisert til Skogsvåg Er omsorgsbustad med eigne leilegheiter for psykisk sjuke. Vi har ei flott personalgruppe som saman gjer sitt beste for at våre brukarar skal oppleve tryggleik og meistring
Arbeidsoppgåver:
- Helsefaglege oppgåver
- Ivareta brukars individuelle behov
- Rettleiing, observasjon og tverrfagleg samarbeid
- Praktisk bistand
- Medisinkompetanse
- Dokumentasjon
Kvalifikasjonar
- Sjukepleier/vernepleier
- Erfaring frå arbeid med menneske med alvorleg og langvarig psykisk sjukdom
- Engasjert og positiv
- Evner å takle stress og hektiske situasjonar
- God team-arbeidar
- Bidra til et godt arbeidsmiljø ved å framme det positive
Anna:
- Årsturnus med 16 helger
- Er også nokon langvakter i vekedagane
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Avd.leiar Marianne Algrøy avd.leiar tlf 98658817
Einingsleiar Therese Helgesen tlf 91529795
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
Miljøterapeut, sykepleier, vernepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388036522
- Sist endret