2025/01 IKT-generalist
Statens helsetilsyn
- Frist 27.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Ønsker du å jobbe i ei framoverlent avdeling som er på digitaliseringsreise?
Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for det faglege tilsynet med sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenesta. Statens helsetilsyn skal utvikle tilsynsverksemd og drive kompetanseoppbygging. Vidare skal vi medverke til at erfaringar frå tilsyn blir gjort tilgjengeleg for politiske oppdragsgivarar, for dei som har ansvar for tenestene og personellet der, for brukarane av tenestene, og for befolkninga.
Vi søker deg som liker å arbeide med systemforvalting, leverandøroppfølging og som ønsker å bidra positivt inn i eit godt lag.
Helsetilsynet står overfor mange og spennande utviklingsoppgåver og den som blir tilsett vil få høve til å vere med på utviklinga av verksemda.
Digitaliseringsmiljøet i Helsetilsynet er lite, noko som gir moglegheit for påverknad, ein variert kvardag og stort ansvar. Det foregår ei betydeleg satsing på digitalisering som blant anna inneber ny data- og analyseplattform, nytt felles fagsystem, kunstig intelligens, forvalting av systemporteføljen og leverandørstyring.
Vi ser etter ein strukturert medarbeidar som kan ta ansvar for viktige oppgåver med hovudtyngde innan systemforvalting, leverandørstyring og sikkerheit. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø med dyktige og motiverte kollegaer, der tverrfagleg kunnskapsdeling står sentralt.
Den som blir tilsett vil få eit ansvar med å sikre god forvalting av eksisterande systemportefølje og videreutvikle samarbeidet mellom Helsetilsynet og nokre av dei mest sentrale leverandørane våre på IKT. Det gir ei unik moglegheit til å jobbe i skjæringspunktet mellom teknologi og fag, og til å bidra til at strategiske mål blir nådd. Det er også behov for å styrke intern kapasitet og kompetanse på informasjonssikkerheit og personvern med fokus på både teknisk og menneskeleg side.
Stillinga er for tida forankra i Avdeling for verksemdsstyring som blant anna har ansvar for verksemdsstyring, digitalisering, økonomi, HR/personalforvalting og for drift av lokala våre.
Arbeidsoppgåver
- sikre god forvalting av systemporteføljen
- lage underlag i anskaffingar og følge opp systemleverandørane våre på it-system
- styre og følge opp leverandørar
- delta i utviklingsoppgåver innan IKT og digitalisering
- delta i arbeidet med å implementere nye digitale løysingar i Helsetilsynet
- arbeid med informasjonsikkerheit og personvern
Kvalifikasjonar
Nødvendige kvalifikasjonar:
- relevant, høgare utdanning, til dømes innan IKT. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- erfaring med å følge opp leverandørar/kundar med komplekse porteføljar
- god forståing for informasjonsteknologi
Ønskte kvalifikasjonar:
- relevant erfaring frå offentleg verksemd
- kjennskap til helsesektoren
- kjennskap til informasjonssikkerheit
For å bli vurdert som seniorrådgivar krev vi lang og relevant arbeidserfaring
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som har god serviceinnstilling, som tar initiativ, som har stor arbeidskapasitet og ei løysingsorientert haldning.
Du må:
- ha svært gode kommunikasjonsferdigheiter, munnleg og skriftleg på norsk
- ha gode samarbeidsevner og trivast med å dele kunnskap, erfaringar og informasjon
- ha evne til å arbeide strukturert, nøyaktig og sjølvstendig, og ha god gjennomføringsevne
Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna.
Vi tilbyr
Lønn for rådgivar: kr 570 000 - 700 000 / seniorrådgivar kr 650 000 - 870 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn. Fra lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Vi er om lag 140 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), samt sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida. Medarbeidarar som har eigna oppgåver kan få høve til å arbeide heimanfrå inntil 2 dager per veke.
Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Møllergata 24, 0179 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Database, Drift/Operations, Utvikler (generell)
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Digitalisering, it-generalist, Avtaleoppfølging
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388311832
- Sist endret