Rektor
Klepp kommune
- Frist 20.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Rektor
Er du vår nye rektor ved Bore ungdomsskule?
Vil du vera med å gjera ein forskjell for barn og unge i Klepp kommune?
Bore ungdomsskule er ein skule som ligg i Verdalen i Klepp kommune. Vi har 235 elevar fordelt på 8., 9. og 10. trinn, samt språkstasjon. Skulen si leiing består i dag av konstituert rektor og to avdelingsleiarar. Vi har eit tett og godt samarbeid med barneskulen som me blant anna deler aula og idrettshall med. Skulen har eit aktivt og engasjert elevråd og ei foreldregruppe som støttar opp om eit trygt og godt skulemiljø.
Rektor vil ha ansvar for den totale drifta av skulen: pedagogisk, administrativt og økonomisk. Rektor blir leiar for tre avdelingsleiarar, lærarar, fagarbeidarar, miljørettleiarar og administrativ medarbeidar som til saman vert omlag 32 tilsette. Rektor rapporterer til skulesjef.
Vi søker etter ein rektor som bygger gode relasjonar til elevane, dei tilsette og foreldra. Ein rektor som er opptatt av å bygga ei kollektiv orientering og som kan inspirera og motivera til utvikling.
Klepp kommune har høge ambisjonar for skulen, og til stillinga søker vi ein rektor som er tydeleg, innovativ, målretta og med evne og vilje til å vidareutvikla ein sterk fagleg praksis og læringskultur.
Den nye rektoren vår vil bli ein del av skuleleiarlaget i Kleppskulen og må vera oppteken av kvalitet i alle ledd. Det er forventa at rektor ser på profesjonelle læringsfelleskap som nøkkelen til å styrka føresetnader for elevane si læring, danning og utvikling. Rektorane arbeider tett med skuleeigar og rektorkollegiet i grunnskulen i Klepp, og samarbeider tverrfagleg med PPT, helsesjukepleiar, Klepp tverrfaglege Team, barnevern og Familieeininga.
Klepp har ei eiga mentorordning for nytilsette rektorar, faste rektormøte, skuleleiarnettverk, og kvalitetsdialogar mellom skuleleiarar og skuleeigar.
Kjernekomponentane for Kleppskulen dei neste tre åra er: Profesjonelle læringsfellesskap, den engasjerte eleven og læreplanforståing. For Bore ungdomsskule betyr dette at dei i sitt utviklingsarbeid blant anna prioriterer Kleppmodellen, trygt og godt læringsmiljø og digitalisering.
Arbeidsoppgåver
- Leia og motivera tilsette i profesjonelle læringsfellesskap
- Målretta samarbeid for god trivsel og auka læringsutbyte til elevane
- Leia skuleutvikling, samt leia og utvikla skulen og Kleppskulen sin strategi og faglege profil
- Medverknad med elevar, føresette, tilsette og nærmiljøet
- Videreutvikla kvalitetssikringssystemet og sikra god skulebasert vurdering
- Driva økonomistyring og resultatkontroll
Kvalifikasjonar
- Du har relevant pedagogisk utdanning og leiarerfaring
- Du har erfaring og kunnskap frå pedagogisk utviklingsarbeid og skuleutvikling
- Du har gjennomført rektorskulen eller tilsvarande leiarutdanning
- Du har kunnskap og erfaring innan digitalisering i skulen
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Politiattest av nyare dato må leggjast fram før oppstart
Personlege eigenskapar
- Du involverer gjennom profesjonelle lærande fellesskap og har gjennomføringsevne
- Du er tydeleg og synleg som rektor og motiverer til felles innsats for læring og utvikling i alle ledd
- Du er god til å kommunisera, leggja til rette for samarbeid og skape gode relasjonar på alle nivå
- Du er inkluderande og har blikk for alle
- Du er opptatt av dialog og har ein verdsettande måte å leia tilsette på
- Du er fleksibel, lojal og har godt humør
- Du jobbar sjølvstendig, målretta og strukturert
Vi tilbyr
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Lønn etter avtale
- Rettleiing for nye rektorar
- Tett samspel med andre skuleleiarar i kommunen og Jærskulen
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldsande lovar, reglement og tariffavtalar
- Oppstart etter avtale
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Verdalsvegen 35, 4351 Kleppe
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Rektor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388323628
- Sist endret