Barne og ungdomsarbeidar/assistent
Klepp kommune
- Frist 27.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Barne og ungdomsarbeidar/assistent
Engelsvoll barnehage er ein 5 – avdelings kommunal barnehage med 83 barn, som ligg på Engelsvoll/Klepp stasjon i Klepp kommune. Me er ein Marte Meo sertifisert barnehage som legg stor vekt på det gode møtet mellom borna og omsorgspersonen. Me er opptatt av den gode relasjonen og å skapa eit trygt og godt inkluderande miljø for born, foreldre og ansatte. Leiken har stort fokus i Engelsvoll barnehage.
Barnehagen ligger så tett på Engelsvoll skule at to avdelingar er i kjellaren til skulen. Dette gjer at me har et tett og godt samarbeid med skulen ifht overgang frå barnehage til skule. Barnehage ligg og nær Frøylandsvatnet med tilgang til flotte turområde. Det er og kort veg til togstasjonen på Klepp stasjon.
I Engelsvoll barnehage er det ledig vikariat i 100% stilling som Barne og ungdomsarbeidar/assistent frå 01.04.2025-14.08.26, eller oppstart etter avtale
Arbeidsoppgåver
Medansvar for den daglege drifta i barnehagen
Samarbeide med føresette, kollegaer og andre instansar
Ta aktivt del i planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetar og leik med barna, både ute og inne
Legge til rette for at barn og foreldre opplever tryggleik, omsorg og trivsel
Kvalifikasjonar
Barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev eller annan relevant barnehagefagleg vidareutdanningDersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språksnivå tilsvarande B1. Dette gjeld ikkje søkarar med skandinavisk språk som morsmål (jf. barnehageloven § 18 a) Gjelder ikkje søkere med eit skandinavisk språk som morsmål.
Dei som får tilbod om stilling må framlegga politiattest, jf barnehageloven § 30. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader
Personleg egnethet vil bli vektlagt.
Personlege eigenskapar
Du er positiv, og vil vera med på å skapa/oppretthalda eit godt arbeidsmiljøDu er engasjert, fleksibel, løysningsorientert, målbevisst og framtidsretta
Du er god til å arbeida både sjølvstendig og i team
Du ser på barn og føresette med respekt, viser omsorg, glede og er fleksibel
Du er raus og villig til å sjå ulike perspektiv
Du har fokus på nærvær
Vi tilbyr
Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger.Ansettelse skjer forøvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysing, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler.
Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvednadalen 2, 4353 Klepp stasjon
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnehageassistent
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Barne- og ungdomsarbeider, Fagarbeider, Assistent, Fagarbeider
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388325647
- Sist endret