Seksjonsleiar PAM
Helse Bergen
- Frist 02.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsleiar
Psykiatrisk akuttmottak (PAM), i dag lokalisert på Sandvikenområdet, er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon Psykisk helsevern.
Psykiatrisk klinikk er i stadig utvikling og har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt. PAM gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Avdelinga har to sengepostar med same oppdrag. Frå mars 2025 vil akuttmottaket ha 18 behandlingsplassar.
PAM har no ledig 100% fast stilling som seksjonsleiar i seksjon PAM 2. Som leiar får du stor moglegheit til å påverke og vidareutvikle seksjonen gjennom innovasjon og fagutvikling. I tillegg tilbyr vi tilgang til leiarutviklingsprogram og faglege nettverk som støttar både din personlege og profesjonelle utvikling.
PAM er midt i ein spennande fag og kulturreise og skal flytta inn i Årstadhuset på Haukelandsområdet i 2029.
Arbeidsoppgåver
- Fag-, personal-, HMS- og resultatansvar for seksjon
- Ansvar for at seksjonen driv døgnbehandling i tråd med faglege retningslinjer og overordna krav
- Ansvar for å legge til rette for eit godt og lærande arbeidsmiljø
- Delta i fagutvikling
- Legge til rette for fagleg og personleg utvikling hos den enkelte
- Halde seg oppdatert og orientert om gjeldande lover og føresegner
- Medverke til at seksjonen sine totale ressursar blir utnytta til det beste for heile klinikken
- Samarbeide med aktuelle samarbeidspartnere innad i klinikken og med eksterne aktørar
- Som seksjonsleiar rapporterer du til avdelingssjef for Psykiatrisk akuttmottak og blir ein del av leiargruppa ved PAM
Kvalifikasjonar
- Høgare helsefagleg utdanning
- Kunnskap og erfaring med arbeid med psykiske lidingar
- Kunnskap om psykisk helsevern
- Leiarerfaring og leiarutdanning er ønskeleg
- God munnleg og skriftleg framstillingsevner
- God brukarkompetanse innan IKT
Personlege eigenskapar
- Fagleg sterk, engasjert og fleksibel
- Det er ein føresetnad at du har gode kommunikasjonsevner og er engasjert. Som seksjonsleiar er det viktig å ha gode samarbeidsevner
- Vere inkluderande og tilgjengeleg
- Evne til å skape engasjement hos sine medarbeidere
- Evne til å delegere, motivere og spele medarbeidarar gode
- Vere stukturert og måretta
- Sterk på avgjerder og gjennomføring
- Tydeleg på forventingar og tilbakemeldingar
- Vere opptatt av trivsel og arbeidsmiljø
- Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø på seksjonen og i leiargruppa
Vi tilbyr
- Moglegheit til å leie ei flott personalgruppe med mykje kunnskap og engasjement
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fagleg og personleg utvikling
- Leiaropplæring og leiarstøtte
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Psykiatri, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
seksjonsleder, seksjonsleiar, PAM2, psykiatrisk akuttmottak, sykepleier psykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388343546
- Sist endret