Lærling i akvakultur
Eide
- Frist 2025-02-09
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer lærlingar som vil ta del i å setje standarden for framtidas havbruk
Eide er eit familieeigd selskap, og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. For å nå denne visjonen er me avhengige av dyktige og motiverte kollegaer. Som lærling hos oss vil du vere med i utviklinga av akvakultur. Me satsar på ny teknologi og berekraft, og har mange spennande initiativ på gang. Som lærling i Eide vil du lære av dyktige kollegaer samtidig som du vil vere ein viktig lagspelar.
Om rolla
I læretida vil du følge kompetansekrava i læreplanen for akvakulturfaget. I tillegg til det praktiske arbeidet vil du lære om fisk, biologi og havbruksnæringa. Du vil vere tilknytt eit opplæringskontor og ha ein fagleg ansvarleg i verksemda som vil støtte deg gjennom læretida. Du vil få god opplæring i alle daglege oppgåver ved våre lokalitetar.
Eksempel på arbeidsoppgåver:
- Fôring og stell av fisk
- Større arbeidsoperasjonar som vaksinering, sortering, levering av smolt osv.
- Forfallande vedlikehald av utstyr og anlegg
- Orden, reinhald, og smitteforbyggande arbeid
- Vere med og forbetre verksemda sine kvalitetssystem
Me ynskjer lærlingar innanfor fagområdet akvakultur, som har bestått VG2 akvakultur. Aktuelle lokalitetar er våre sjøanlegg i Hardanger, Nordhordland og Nordfjord, og vårt settefiskanlegg i Hålandsdalen. Inkluder kva lokasjon du ynskjer læreplass ved i din søknad.
Kven er du?
- Me ser etter deg som har ein genuin interesse for faget og for næringa.
- Du er punktleg og presis
- Likar å vere ute og arbeide
- Interessert i fisk og oppdrett
Eide tilbyr:
I Eide tør me å satse, på visjonar og på folk. Me bryr oss om kvarandre, fisken vår, og miljøet me driv i. Som lærling hos oss vil du vere ein viktig lagspelar og bli ein del av eit godt arbeidsmiljø.
- Varierte og interessante arbeidsoppgåver
- Eit arbeidsmiljø der både tryggleik og arbeidsglede er viktig.
Søknadsinformasjon
Me ynskjer deg velkomen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument. Har du spørsmål knytt til stillinga, ta kontakt med: HR-trainee Marte Midtbø / marte.midtbo@efb.no / 90801570
For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider og sosiale medium www.efb.no.
Søk i dag og bli ein viktig del av vår spanande reise for å setje standarden for framtidas havbruk
Om arbeidsgiveren
The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.
Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.
Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.
At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.
To learn more about us visit us at www.efb.no
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 4
- Sted: 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Biolog, Driftsoperatør/vaktmester, Produksjon
Nøkkelord
Oppdrett, Driftsoperatør, Driftstekniker, Havbruk, Akvakultur
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388594199
- Sist endret