Rådgjevar køyretøysforvaltning
Vestland fylkeskommune
- Frist 26.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar køyretøysforvaltning
Vestland fylkeskommune skal gje ungdom og vaksne vidaregåande opplæring med høg kvalitet. Den vidaregåande opplæringa skal bidra til berekraftig forvaltning av ressursar og til gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde gjennom mellom anna eit breitt og likeverdig opplæringstilbod.
Har du lyst til å vere med å utvikle vidaregåande opplæring i Vestland? Er du løysingsorientert, har gode samarbeidsevner, og som kan bidra til å vidareføre og vidareutvikle den gode kvaliteten vi har i vidaregåande opplæring i Vestland?
Samla gir vi tilbod om opplæring i skule og bedrift til om lag 30 000 ungdom og vaksne. Vi har 42 vidaregåande skular, fagskule, produksjonsskule og folkehøgskule. Det er omlag 5000 tilsette og vårt årlege driftsbudsjett er på omlag 4,2 mrd.
Avdelinga har ansvar for å utvikle å innføre nytt system for køyretøyforvaltning i heile fylkeskommunen.
Direktør for opplæring og kompetanse har ledig 100% fast stilling som rådgjevar med hovudarbeidsoppgåver knytt til køyretøyforvaltning.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å utvikle nytt køyretøyregister
- Forvalte og vidareutvikle køyretøyregister
- Kontaktpunkt for eksterne aktørar og interne einingar i spørsmål relatert til køyretøy.
- Andre oppgåver innan økonomifeltet
Kvalifikasjonar
Relevant universitets-/høgskuleutdanning på masternivå.
Søkjarar med utdanning på bachelornivå og relevant erfaring kan bli vurdert til å bli tilsett som konsulent.
Det vil bli lagt vekt på
- gode kunnskapar i bruken av IKT-verktøy
- erfaring med dataanalyse og rapportering.
- kjennskap til integrasjonsløysingar og datasystem
- god kunnskap om offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar
- gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
- evne til å arbeide systematisk og analytisk
- evne til å dele kunnskap og å lære frå andre
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- god kunnskap om offentleg forvaltning
- gode kunnskapar i bruken av IKT-verktøy
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter avtale
- fleksibel arbeidstid
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
køyretøysforvaltar, saksbehandling, økonomi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388765027
- Sist endret