Sjåfør
NGIR Drift AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du ein viktig og aktiv sjåførjobb?
Ønskjer du deg ein meiningsfylt sjåførjobb, kor du samstundes får frisk luft og kan vere fysisk aktiv? Då er denne jobben noko for deg!
Vi treng: sjåførar i 100% fast stilling + timessjåførar
Hjå oss i NGIR får du ein variert arbeidskvardag i ein bransje i rivande utvikling. Arbeidstider etter plan og få vakter i helger og på kveldstid. Du får ei viktig rolle i bedrifta som NGIR sitt ansikt ut mot innbyggjarane, og ein jobb samfunnet er avhengig av. Du vert ein del av vårt glimrande sjåførteam.
Som sjåfør vil du jobbe sjølvstendig, men på nokre ruter får du med deg sidemann/-kvinne som godt selskap.
I tillegg til å halde deg i fysisk form i arbeidstida, vert du godt kjent i den vakre regionen vår.
Din arbeidskvardag vil bestå av:
- Køyring av komprimatorbil/renovasjonsbil.
- Innsamling av avfall frå private hus, hytter og næringskundar.
- Fysisk aktivitet, som å trekke/flytte avfallsdunkar.
- Registrere avvik/skadar på innsamlingsutstyr.
- Vedlikehald og reinhald av bil.
- Varierande og gode arbeidstider.
Du har desse kvalifikasjonane:
- Gyldig førarkort kl. C.
- Sjåførkort.
- Godkjent YSK (95 GODS).
- Køyreerfaring.
Personlege eigenskapar:
- Du er pliktoppfyllande, presis og god på samarbeid.
- Du er positiv og serviceinnstilt
- Du er fleksibel og liker å halde orden.
- Du kan kommunisere på norsk skriftleg og munnleg.
- Du har grunnleggjande kompetanse på bruk av dataverktøy.
- Du har respekt for reglar og retningsliner.
- Du er opptatt av kvalitet i arbeidet ditt.
- Du har god helse og er i god fysisk form.
NGIR tilbyr deg:
- God opplæring og oppfølging
- Ein meiningsfylt jobb i ei miljøbedrift
- Fysisk aktivitet og frisk luft i arbeidstida
- Kontakt med hyggelege kundar og kollegaer
- Bil som følgjer faste ruter
- Ein arbeidsgjevar som fokuserer på helse, miljø og tryggleik/sikkerheit (HMS)
- Godt vedlikehaldne bilar
- Jobb i ei bedrift med god tariffavtale og pensjonsordning
- Bedriftsavtale og rabatterte priser på mellom anna Knarvik Kiropraktorklinikk, Brilleland Åsane og Bertel O. Steen i Åsane
- Jobb i ei bedrift med aktiv velferdskomité som arrangerer blåtur, julebord og andre kjekke aktivitetar
- Moglegheit for å tene ekstra og jobbe overtid i periodar, viss det er ønskjeleg
Oppstart: snarast
Har du spørsmål om stillingane? Ikkje nøl med å ta kontakt med vår blide transportleiar, Karl André Dale på tlf. tlf. 916 78 784.
Du sender søknad elektronisk via søkefunksjonen i utlysinga på finn.no
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS (NGIR) vart skipa i 1981 og har i dag meir enn 90 tilsette. Selskapet er eigd av kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR samlar inn og handsamar avfall frå omlag 17 000 hushald, og 6500 hytter i medlemskommunane. NGIR har høg grad av kjeldesortering hjå innbyggjarane, og arbeidar for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima. Transportavdelinga ligg under NGIR Drift AS frå 2024.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
- Bransje: Miljøtjenester, Renovasjon og renhold, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Transport og sjåfør
Nøkkelord
yrkessjåfør, renovasjonsbil, renovatør, bærekraft
(1/9)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388777437
- Sist endret