Sjukepleiarar på Vossestrand - institusjon og heimeteneste
Voss herad Område nord
- Frist 23.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar? Me har fleire spanande stillingar for deg, både i institusjon og heimetenesta!
3 ledige stillingar for sjukepleiar
1 svangerskapsvikariat for sjukepleiar inntil 80% stilling i institusjon, må påreknast noko nattevakter på helg, frå 1.5.25-30.8.26 - langvakter om interesse
1 fast stilling som sjukepleiar inntil 80% i institusjon frå omlag 1.4.25 - langvakter om interesse
1 fast stilling som sjukepleiar i heimetenesta inntil 100%,ledig frå omlag 1.5.25, eller etter avtale. Noko arbeid i institusjon må påreknast. Langvakt på helg kan vurderast.
Stillinga i heimetenesta vil omfatte sakshandsaming og brukar-logistikk. Spesifiser i søknaden kva stilling du søkjer på. Om avdelinga: Vossestrand Omsorgstun ligg vakkert til ved Oppheimsvatnet, 2 mil frå Voss Sentrum. Me har tre avdelingar med plass til 25 bebuarar, 16 langtidsplassar og 9 omsorgsbustadar med heildøgns bemanning. Heimetenesta har stort geografisk område med omlag 50 heimebuande som har tenester hjå oss. Me har eigen dagavdeling 2 dagar for veka.
Me tilbyr:
- Fast rekrutteringstillegg for sjukepleiar/spesialsjukepleiar.
- Årsturnus
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Tilrettelagt turnus med blant anna moglegheit for langvakter med arbeid kvar 4. helg
- Tilrettelegging for vidareutdanning og anna kompetanseheving
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- Gode datakunnskapar. Opplæring i fagsystem vil verta gitt
- Førarkort klasse B
- Sjukepleiarstudentar som er ferdig utdanna våren 2025 oppmodast til å søkje
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer deg som:
- Er god på samarbeid
- Er fleksibel og ynskjer å ta ansvar
- Er ein positiv pådrivar i endringsarbeid og utvikling av tenestene
Arbeidsoppgåver:
- Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
- Dokumentera helsehjelp i journalsystem
- Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
- Bidra til at interne og eksterne lover, relgar og prosedyrar vert følgt
- Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak
- Bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande
- Tett samarbeid med kollegaer, fastlege, fysioterapeut, legevakt, og sjukehus.
- Oppfylgjing av studentar i praksis
- Ansvaleg for å halda seg fagleg oppdatert
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Om arbeidsgiveren
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
- Sektor: Offentlig
- Sted: Oppheimsvegen 35, 5713 Vossestrand
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
Nøkkelord
sjukepleier, sykepleier, offentlig, kommune, turnus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388802225
- Sist endret