Behandlar i LAR
Helse Bergen
- Frist 27.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Behandlar i LAR
Avdeling for rusmedisin (AFR) har ca 570 medarbeidarar. Avdelinga har ein LAR avdeling, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling knytta til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar, fagleg integrasjon med psykisk helsevern, m.a. ved geografisk deling av alle poliklinikktenestene. Målsetting for integrasjonsprosessen er å utvikle tettare samhandling med DPSar og kommunale tenester.
LAR er organisert i 5 geografiske seksjonar, samt ei seksjon med tilbod om heroinassistert behandling (HAB). Kvar seksjon er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar og sosionomar. LAR har ansvar for substitusjonsbehandling med LAR-legemiddel, samt psykososial behandling og rehabilitering av pasientar. Vi har eit stort fokus på å tilby LAR pasientar integrert behandling og rehabilitering i samarbeid med kommune og DPS. Trongen for behandling er stor og pasientane treng eit helse- og sosialfagleg tilbod som er tilpassa deira livsførsel og komplekse sjukdomsbilete.
Vi har nå ledig stilling som behandlar ved LAR poliklinikk Øvregaten
Som behandlar i LAR blir du ein del av eit fagfelt i rivande utvikling. Avdeling for rusmedisin har eigen forskingseksjon. med sterkt fokus på utvikling av behandlingstilbodet for rusmiddelavhengige. I LAR vil du m.a. få moglegheit til å bidra i forskingsprosjekt knytt til substitusjonsbehandling for menneske med avhengigheit til benzodiazepiner og amfetamin.
Arbeidsoppgåver
- Som behandlar i LAR har ein ansvar for heilhetleg oppfølging og behandling til eit gitt tal pasientar
- Poliklinisk oppfølging
- Ambulant oppfølging av pasientar utanfor poliklinikk
- Ein vil arbeide i tverrfagleg team med psykolog, lege, sjukepleiar, vernepleiar og sosionom der ein tar sentral del i utarbeiding og gjennomføring av plan for behandling
- Aktiv deltaking i pasienten si ansvarsgruppe, der 1.linjeteneste og DPS er sentrale samarbeidspartnarar
- Sikre forsvarleg utdeling av LAR legemiddel
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar med relevant vidareutdanning
- Ønskeleg med erfaring innan fagfelta rus/psykiatri, gjerne i spesialisthelsetenesta
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein førestnad og du må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
- Du bidrar positivt til eit fagleg og godt arbeidsmiljø
- Fleksibel, tåler uforutsigbarhet og evner å prioritere i stressande situasjonar
- Du har god evne til tverrfagleg samhandling, samt evne til sjølvstendig arbeid
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
- Du har god skrifteleg formidlingsevne for journaldokumentasjon
- Du har evne og vilje til å inngå i langvarige og krevande behandlingsrelasjonar til pasientar
Vi tilbyr deg
- LAR er eit fagområde i stor utvikling. Vi kan difor love ein utfordrande og arbeidskrevande kvardag i eit godt arbeidsmiljø
- I LAR - poliklinikkane blir det lagt stor vekt på utvikling av medarbeidarars faglege kompetanse og evne til samhandling
- Ein arbeider i team og vil få regelmessig rettleiing og undervising
- Lønn iht gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øvregaten 37, 5003 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Psykiatri, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
behandler LAR, sykepleier poliklinikk, vernepleier poliklinikk, videreutdanning, Rusmedisin
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388927821
- Sist endret