Variert stilling som sjukepleiar
Time kommune
- Frist 29.01.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Variert stilling som sjukepleiar
Er du sjukepleiar som trivest i eit spennande arbeidsmiljø, har høg fagleg kompetanse og er opptatt av å gje gode helsetenester i heimen til brukarane? Da kan dette vera ein moglegheit for deg.
Då to av våre dyktige sjukepleiarar skal ut i permisjon har vi ledig eit års vikariat mellom 80-100% frå april. Det er turnusarbeid (dag/kveld) med arbeid kvar 3. helg.
Avdeling nord held til på Kvernaland omsorgssenter ved nydelege omgivnader ved Stemmen på Kvernaland. Her har vi basen til heimetenesta og bufellesskap med tre avdelingar. I tillegg har me dagsenter for eldre. Som sjukepleiar vil du få ein variert arbeidsdag ved å fagleg følge opp brukarene våre både i heimen og i bufellesskapet.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege oppgåver i brukar sin heim og på bufellesskap.
- Dokumentera etter gjeldande lovverk.
- Iverksetta tiltak i samråd med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar.
- Medansvarleg for pasientflyt i avdelinga, i tett samarbeid med avdelingsleiar og Teneste- og samordningskontoret.
- Rettleiing av studentar
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjenning som sjukepleiar . Vernepleiar kan også vurderas til stillinga.
- Erfaring innan heimetenester og/eller rehabilitering er ønskeleg.
- God kunnskap innan sjukepleiefagleg dokumentasjon.
- Må kunna nytta aktuelle IKT-verktøy.
- Du må kunna gjera deg godt forstått på norsk, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha sertifikat for personbil.
- Det er krav om politiattest.
Personlege eigenskapar
- Du må kunna kommunisera godt med brukarar, pårørande og kollegaer.
- Du må trivas med å jobba tverrfagleg.
- Du må evna å ha oversikt over avdelinga
- Du må ha evne til å arbeida effektivt og håndtera raske endringar i kvardagen.
- Du må vera trygg i rolla som sjukepleiar og kunna arbeida sjølvstendig.
Me tilbyr
- Lønn etter tariff/avtale
- Ein variert og fagleg utfordrande arbeidsplass
- Godt tverrfagleg samarbeid
- Kjekke kollegaer og godt samarbeid
- Fadderordning for nytilsette
- Vi tilbyr moglegheit for fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø
- Gratis parkeringsplass
Er dette spennande ? Sjå filmen frå avdelingane våre (her)
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Gamle Åslandsvegen 27, 4355 Kvernaland
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sykepleier, hjemmesykepleie
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389057073
- Sist endret