Fagarbeidar gravplass og drift
Alver kyrkjelege fellesråd
- Frist 16.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Fagarbeidar gravplass og drift
Alver kyrkjelege fellesråd har ledig fast stilling (100%) som fagarbeidar i driftsavdelinga. Fellesrådet er gravplassmyndigheit i Alver, og utfører arbeidet gjennom driftsavdelinga.
Vi driftar 25 gravplassar, 14 kyrkjer og nokre andre bygg. Det er om lag 210 gravferder i året i kommunen.
Driftsavdelinga består av 6 tilsette. Avdelinga si primære oppgåve er gravferder og stell av gravplassane, men avdelinga skal òg ta vare på bygga og anna drift.
Frammøtestad er Lonsvegen 1 i Knarvik, men avdelinga har også andre lokale. Oppgåvene kan vere i heile kommunen.
Stillinga er ledig frå juni.
Det blir også ein ledig stilling til hausten. Det blir ny utlysning. Begge stillingane blir ledige fordi to tilsette skal gå av med pensjon.
Arbeidsoppgåver
Formålet med stillinga er å sikre sikre god og forsvarlig drift av gravplassen, og at gravplassen blir ein stad som gir god service til besøkande.
- gi god service overfor gravplassen sine brukarar
- ansvar for graving, praktisk tilrettelegging og oppfølging av gravleggingar og nedsetting av urner
- ansvar for nødvendig vedlikehald av gravplassane
- medvirke til at det er ro og orden på gravplassane.
- medvirke til at lov, forskrift og gravplassvedtekter blir fulgt
- vedlikehald av bygg etter avtale med driftsleiar
- andre oppgåver som arbeidsgjevar bestemmer, tl dømes snøbrøyting og ringing med kyrkjeklokker.
Arbeidsoppgåvene er i hovudsak utandørs, og kan vera fysisk krevjande. Det vil bli gitt opplæring i bruk av gravemaskin.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som tømrar eller snekker
- Det er ønskeleg med erfaring frå gravplass og arbeid med bygningsvedlikehald.
- Sertifikat BE er ønskeleg.
Personlege eigenskapar
- må vere fleksibel, løysingsorientert og ansvarleg
- må kunne ta stort ansvar for eigne oppgåver
- må evne å sjå oppgåver og utføre dei sjølvstendig
- må kunne samarbeide og jobbe i team
- må bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Løn etter tariff for fagarbeidar gravplass.
Offentleg pensjonsordning gjennom KLP.
Anna: Fagarbeidar er underlagt taushetsplikt
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lonsvegen 100, 5914 Isdalstø
- Bransje: Kirke og menighet
- Stillingsfunksjon: Menighetsarbeid
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389079092
- Sist endret