Rådgivar/seniorrådgivar innan plan- og arealforvaltning
Statsforvalteren i Rogaland
- Frist 02.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgivar/seniorrådgivar - plan- og arealforvaltning
Om stillinga
Statsforvaltaren skal tidleg i prosessar formidle nasjonal politikk og prioriteringar, og landbruksavdelinga skal vere kompetansesenter for kommunane på landbruks- og matområdet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er difor ein sentral del av stillinga, og du må kunne halde innlegg på kurs og konferansar.
Rogaland har areal av stor nasjonal verdi for matproduksjon. Som rådgivar hos oss vil du bidra til å sikre verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap.
Landbruksavdelinga har ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar innan samfunnsplanlegging og arealforvaltning.
Arbeidsoppgåver
Du vil få saksbehandlaransvar for disse arbeidsoppgåvene:
- saksbehandle jordlov- og konsesjonslovsaker
- gi høyringsinnspel til kommunale og regionale planar
- behandle dispensasjonssaker etter plan- og bygningslov
- bidra inn i planprosessar
Hos oss blir du ein del av eit breitt fagmiljø i landbruksavdelinga, samtidig som du får samarbeide på tvers i embetet gjennom ei felles plangruppe.
Kvalifikasjonar
Vi søker etter ein landbruksinteressert person som vil arbeide med samfunnsplanlegging og arealforvaltning. Vi ønskjer oss ein dyktig medarbeidar som
- har relevant utdanning på mastergradsnivå, med fagleg tyngde innan arealplanlegging. Utdanning på lågare nivå kan kompenserast med relevant erfaring.
- har erfaring frå til dømes arealplanlegging og samfunnsplanlegging
- har GIS/kartkompetanse
Det er ein fordel om du har:
- god kunnskap til landbruket generelt, og gjerne om Rogaland spesielt
Personlege eigenskapar:
- du har gode formidlings- og samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse
- du kan arbeide sjølvstendig, ta initiativ, er løysningsorientert og har god gjennomføringsevne
- du er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Lønn som rådgivar, kr 590 000 - kr 680 000 pr år, lønn som seniorrådgivar kr 600 000 - 740 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
- Fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
- God pensjonsordning (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna) gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse
- Gode høve til fagleg utvikling og til å utvikle fagleg nettverk
- Nødvendig opplæring og rom for kompetanseutvikling
- Varierte, interessante og viktige oppgåver
- Triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus sentralt i Stavanger
- HjemJobbHjem-ordning
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Statsforvaltaren jobbar med mange sider av livet og samfunnet. Derfor meiner vi at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å sikre ei endå betre oppgåveløysing. Så langt som mogleg legg vi til rette for medarbeidarar som har behov for det. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, blir minst éin søkjar innkalla til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må søkjarane oppfylle visse krav og det må kryssast av i søknaden.
Andre opplysningar
Alle som søkjer stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attester. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. Vi gjer merksam på at søknaden kun blir vurdert ut frå informasjonen som føreligger ved søknadsfristens utløp. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteriene som er beskrive i annonsen. Offentleg søkjerliste utarbeidast etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjerliste må dette grunngjevast. Du vil få varsel om reservasjon ikkje tas til følgje.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følgje opp berekraftmåla på fagområda våre, og skal som ein del av arbeidet vårt formidle relevant kunnskap til andre aktørar i regionen.
Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling, som er retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statlege verksemder i fylket. Statsforvaltaren har oppgåver innan fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca. 200 tilsette.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lagårdsveien 44, 4001 Stavanger
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arealplanlegger, Planlegger
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389097983
- Sist endret