Psykologspesialist/psykolog
Helse Bergen
- Frist 04.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist/psykolog
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) gjev spesialisert helsetilbod til barn og unge (0-18 år) med psykiske vanskar. Ambulante tenester er ein av seksjonane i PBU, lokalisert i det nye Barne- og ungdomssjukehuset ved Haukeland universitetssjukehus. Ambulante Tenester har tre team; ambulant team (AT)/intensivt ambulant team (IAT), DBT-team og psykoseteam.
Ambulant team/intensivt ambulant team har ledig stilling for psykologspesialist/psykolog frå snarleg.
AT/IAT-teamet har to funksjonar; AT er eit poliklinikkforsterka tiltak. Vi tilbyr arenafleksible behandlingstilbod, med fokus på å møte barnet/ungdomen og familien der dei er. Vi dekker store deler av Helse Bergen sitt opptaksområde. IAT er eit intensivert og arenafleksibelt behandlings- og oppfølgingstiltak til familiar i krise, med oppfølging i inntil 4 veker.
Vi er tverrfagleg organisert med psykologspesialistar, psykologar, sjukepleiarar/spesialsjukepleiarar, pedagogar, sosionom og vernepleiarar. Dei fleste med vidareutdanning i familieterapi og anna. Vi er totalt 12 fagpersonar i teamet.
Vi har stort fokus på korleis vi samhandlar internt og eksternt for å gi best mogleg tenester til pasientar og familie/nettverk rundt pasienten. Vi ønsker oss medarbeidarar som utfyller kollegagruppa vår; aldersmessig, kjønnsmessig og kompetansemessig. For å oppretthalde samansettinga av personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Vi ønsker oss medarbeidarar som er med på å ta ansvar for å bevare eit godt arbeidsmiljø og som bidrar i seksjonen med engasjement, faglegheit, kreativitet og openheit for nye idéar.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og personar med utviklingshemming). Vedkommande må ha førerkort.
Intervju vil bli gjennomført i Glassblokkene fredag 14.02.25.
Arbeidsoppgåver
- Funksjonskartlegging, heimebasert behandling, foreldrerettleiing, familieterapi og undervising
- Vi søker deg som ønsker å arbeide med kortvarige behandlingsforløp i samarbeid med familie og nettverk
- Samarbeid både internt i team, mellom seksjonar i klinikken og på tvers av etatar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykologspesialist/psykolog
- Kunnskap om, og erfaring med pasientgruppa og gjerne familieterapi
- Høg arbeidskapasitet
- Førarkort kl. B
- Gode samarbeidsevner
- Trygg på digitale kommunikasjonskanalar
- Vilje og evne til fagleg oppdatering på beste praksis
- Må meistre norsk, både skriftleg og munnleg på minimum B2 nivå
Personlege eigenskapar
- Vi søker deg som brenn for barn, ungdom, familie og deira nettverk, og som ønsker å yte gode tenester på høgt fagleg nivå
- Du bør trivast i bil
- Du er komfortabel med å drive behandling der det er best for pasienten
- Du er sjølvstendig, løysingsorientert og målretta
- Du er god på samarbeid med andre
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande avtalar
- Relevante kurs
- Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg engasjement
- Fadderordning
- Rettleiing
- Flotte lokale i Glassblokkene
- Gode tilbod til tilsette
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Haukeland universitetssjukehus, psykisk helsevern barn og unge, psykologspesialist, psykolog, PBU Ambulante tjenester
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389099293
- Sist endret