Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i matematikkdidaktikk
Høgskulen på Vestlandet
- Frist 05.02.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i matematikkdidaktikk
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling i 100% som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i matematikkdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Om stillinga:
Stillinga inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking og er ledig i tida 01.03.2025 - 31.07.2025.
Arbeidsstaden er campus Stord.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskriften i hovudsak knytt til undervisningsoppgåver i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (1.-7. og 5.-10. masterutdanning), masterutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning og innanfor etter- og vidareutdanning i barnehagen og grunnskulen.
Innanfor etter- og vidareutdanning for barnehagen og grunnskulen må ein vera innstilt på å undervise heilt eller delvis nettbaserte emne. - Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
- Vere med å utvikle kollegiet innen matematikkdidaktikk.
- Institusjonsbyggjande arbeid, irekna: fagadministrative oppgåver og samhandling med eksterne partnarar.
- Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga, og undervisning kan i nokre tilfelle bli lagt utanfor campus Stord.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger (https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2006-02-09-129) jf. Forskrift til universitets- og høyskoleloven (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2024-06-28-1392/KAPITTEL_13#KAPITTEL_13) § 13-2 (1).
For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad i matematikkdidaktikk.
For tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.
For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha master/hovudfag i matematikkdidaktikk eller master i praktisk/skuleretta utdanningsvitskap med relevans for matematikkfaget/læring, og undervisning med masterfag matematikk/GLU-master med masterfag matematikk eller begynnaropplæring.
For tilsetjing som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, og med relevans for stillingsprofilen.
Den som blir tilsett, må kunne undervise i dei sentrale emna i grunnskulelærarutdanningane og barnehagelærarutdanninga, også på nett
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeids- og formidlingsevner er ein føresetnad, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
- Høgt etisk medvit i møte med studentar og tilsette er påkravd.
- Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
Språkkrav:
Undervisningsspråket er norsk, og søkjarane må meistre norsk.
Følgjande tel positivt i vurderinga:
- Kompetanse knytt til matematikkfaget med relevans for barnehage og grunnskule.
- Formell praktisk-pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule og/eller høgare utdanning.
- Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen og erfaring med pedagogisk bruk av IKT.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillinga" på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no (http://www.jobbnorge.no) ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
- Vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.)
- Fullstendig publikasjonsliste
- Attestar og vitnemål.
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d)
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d/automatisk-godkjenning-et-raskere-alternativ)
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
- Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
Assisterande instituttleiar, Anders Daniel Faksvåg Haugen
Tlf.: 55 58 70 81 / 97 08 37 73
E-post: anders.daniel.faksvag.haugen@hvl.no
Faggruppekoordinator, Tesfa Yigrem Mengestie
Tlf: 53 49 13 26
E-post: teme@hvl.no
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)
Om arbeidsgiveren
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har omlag 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Klingenbergvegen 4, 5414 Stord
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor, Professor/Førsteamanuensis, Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389105865
- Sist endret