Avdelingsleiar
Bufetat
- Frist 29.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar
Fosterheimsmeldinga gir Bufetat nye og og spennande oppdrag på fosterhjemsområdet. Det er gitt føringar om at Bufetat skal etablera eit «kompetansestøtteteam» og «tilby fag- og tiltaksstøtte til kommunane, gjennom å støtta opp under og supplera arbeidet til barnevernstenesta ut frå dei konkrete behova til barnet og fosterheimen» Tiltaka skal blant anna gi betre oppfølging og føreseielege rammar for fosterheimane, og meir ro og stabilitet for barna.
Fosterheimstenesta i Region vest søkjer derfor etter ein ny avdelingsleiar i 100% fast stilling som skal etablera og drifta denne avdelinga.
Fosterheimstenesta i region vest består av 4 regionale avdelingar, fordelt på rekruttering, formidling, opplæring og kompetansestøtte. Vi har medarbeidare på fire ulike lokasjonar: Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Det er aktuelt med søkjarar som kan ha sin arbeidstad i Bergen, Haugesund eller Stavanger. Vi ber om at du spesifiserer kva for ein lokasjon som er aktuell for deg.
Vi er rundt 65 medarbeidare i fosterheimstenesta i region vest, og vi løyser oppgåvene på tvers av avdelingane. Samfunnsoppdraget vårt er å hjelpa kommunane når barn har behov for å flytta i fosterheim, og rekruttere og gi opplæring til fosterforeldre. Vi samarbeider tett med barna og familiane deira, kommunar, andre sektorar og organisasjonar. Vi er ei teneste som i stor grad blir påverka av ytre omgivnader og endringar i barnevernsfeltet. Det vil derfor vera behov for kontinuerleg utvikling og justering av våre tenester, for å sikra god oppgåveløysing.
Stillinga vil inngå i fosterheimstenesta si leiargruppe, og du vil få ansvar for å leia og ha personalansvar for ca. 12 medarbeidarar som har følgjande oppgåver:
- systematisk evaluering av fosterheimstiltak, leggja til rette for reell medverknad for barn, foreldre og fosterheim.
- gi tilpassa opplæring til laget rundt barnet.
- kartleggja og yte bistand ved risiko for uønskt flytting frå fosterheim.
- samarbeide med og gi kompetanse støtte til kommunal barnevernteneste.
- ansvar for adopsjons utgreiingar.
- ansvar for å hjelpa til i forbetringsarbeidet i eininga, og implementera nye tenester.
Kvalifikasjonar
- Minimum 3 årig utdanning på bachelornivå innan sosialfag eller anna relevant utdanning.
- Videreutdanning innan leiing er ønskjeleg.
- Relevant leiarfaring er eit krav.
- Du bør ha kunnskap om og forståing for å leia medarbeidarar som arbeidar på ulike lokasjonar.
- Det er ein fordel med erfaring frå kommunal barnevernteneste, gjerne frå fosterheimsarbeid.
- Erfaring med å vera ein del av og leia eit endring og utviklingsarbeid er ønskjeleg.
- Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne er eit krav.
- Du må ha gode IKT ferdigheitar, og dessutan gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
- Du må vera svært motivert for å jobbe med Bufetats samfunnsoppdrag.
Personlege eigenskaper
For å lykkast og trivast i jobben ser vi gjerne at du:
- er strukturert, sjølvstendig og modig.
- jobber effektivt, er løysingsorientert og påliteleg.
- har gode ferdigheiter innanfor kommunikasjon og samhandling.
- evner å tenkja heilskapleg og er sjølvstendig i oppgåveløysiga di.
- har driv og initiativ til å utvikla ein avdeling som skal etablerast.
For oss er det også svært viktig korleis du som person eignar deg til jobben. Det vil bli teke med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode som 1407 avdelingsleiar, med løn frå kr. 690.000. pr. år til kr. 850.000. pr. år. Lønnsutbetaling blir vurdert etter utdanning og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkjare kan høgare lønn vurderast.
- Lønn blir vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Godt fagleg miljø med gode støttespelare i arbeidskvardagen.
- Du får vere med å løfta arbeidet vårt, slik at vi kan gi barn, unge og familiar eit enda betre tilbod.
- Moglegheit til å trena inntil ein time i veka i arbeidstida.
Informasjon til deg som søkjer
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarer med ulike kompetanser, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Har du funksjonsnedsnetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmoder vi deg som søkjer til å kryssa av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velja ut rette kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga kan ha kontorstad i Bergen, Haugesund eller Stavanger.
- Politiattest må framleggas ved tilsetting, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest §7. Denne attesten skal ikkje leggas med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje tas til følgje.
- Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
- For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lagårdsveien, 4010 Stavanger
- Flere arbeidssteder: 5058 Bergen, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fosterhjem, Avdelingsleder, Fosterhjemstiltak
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389112643
- Sist endret