Lærarstillingar i barneskule frå 01.08.25 i Time kommune
Time kommune
- Frist 12.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Lærarstillingar i barneskule frå 01.08.25 i Time kommune
Elevane våre har lyst på livet og evne til å meistra det!
Time kommune søker kvalifiserte lærarar som vil vera med på utviklinga av dei seks barneskulane våre framover, og som ønsker ein spanande og variert arbeidskvardag. Fokuset i alt me gjer er: Korleis fører arbeidet vårt til framgang i læring og utvikling for den enkelte eleven slik at me når visjonen vår om at elevane skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.
Arbeidsoppgåver
Hos oss vil du vera del av eit fellesskap som har eit profesjonsfagleg fokus på læring og utvikling. Frå skuleåret 25/26 vil felles fokus i Timeskulen vera inkludering og læring i fellesskap. To andre område som det blir jobba med på skulane er lesing og rekning på 1.-7. trinn og elevane sin medverknad.Det store oppdraget og målet er at elevane skal fullføra vidaregåande opplæring for vidare utdanning og arbeid. Sjølv om det kan vera langt fram til elevane skal fullføra vidaregåande opplæring, er kvar dag ein god dag for livet her og nå, og eit grunnlag for at elevane skal lukkast når dei går vidare. Formålet i skulen er danning og utdanning, og dette ansvaret kan ikkje leiinga og lærarane bæra åleine. På alle skulane i Time har ein eit tverrfagleg team "Laget rundt læraren og eleven", som består av inkluderingspedagog, sosialrådgjevar, operativ sosialfagleg ressursperson, helsesjukepleiar og PPT-kontaktperson. Laget samarbeider tett i arbeidet med førebyggande tiltak, og bistår tilsette med å løysa utfordringar.
Timeskulane er ein del av Jærskulen saman med skulane i Hå, Gjesdal og Klepp. Her driv me framtidsretta skulesamarbeid i partnarskap saman med ressurspersonar ved UiS i forskingsprosjektet Partners in Practice, der ein nyttar dialogisk undervisning som metode for å auka elevane sin medverknad og motivasjon.
Kvalifikasjonar
Faglege behov er godkjent lærarutdanning, undervisningskompetanse på 1.-4 trinn, lærarar med fordjuping i norsk, matematikk, engelsk, naturfag, praktisk estetiske fag, spesialpedagogikk og pedagogisk bruk av læringsteknologi. Det er også behov for rettleiarkompetanse for studentar og nyutdanna.Personlege eigenskapar
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Me søker etter deg som kan vera aktiv deltakar i utviklingsarbeid som blir initiert av leiing og tilsette. Me er ute etter lærarar som har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og er dyktige klasseleiarar.
Hos oss får du:
- Arbeida saman med dyktige kollegaer i team.
- Arbeida på skular som er digitalt oppdatert i gode skulebygg.
- Som nyutdanna lærar rettleiing i 2 år, der siste året er i grupper i regi av Jærskulen.
- Tilbod om etter- og vidareutdanning.
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
Me har ti skular i kommunen, av desse er seks barneskular. Dersom du ønsker å prioritera kva skule du søker til, skriv du dette i søknaden. Dersom du ønsker å søka på ein av dei fire ungdomsskulane våre, søker du på annonsen med referansenr. 4903501809.
Meir informasjon om skulane finn du på nettsida til Time kommune.
Me krev politiattest for tilsetting i skulen.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lektor, lærar, lærer, jæren, barneskole
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389118146
- Sist endret