Sjukepleiar
Helse Fonna HF
- Frist 30.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiarar til Stord sjukehus
Vi treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar!
Er du nyutdanna sjukepleiar og på jakt etter fast stilling har du no ein ypparleg anledning til å starte jobbkarriera di hos oss. Erfarne sjukepleiarer er også hjarteleg velkomne til å søkje.
Vi har ledige stillingar ved desse avdelingane:
- Hjerte/lunge/gastro
- Akuttmottak og overvåknings post
- Slag/generell indremedisinsk post
- Rehabiliteringspost
Dersom du har ønskje om ein spesiell avdeling, skriv gjerne dette i søknaden. Stillingane er i utgangspunktet 100%, men det er mogleg å jobbe i redusert stilling viss du heller ønskjer det.
Oppstart vil vere sommar eller haust 2025.
Arbeidsoppgåver
- Observasjon, behandling, stell og pleie til pasientar
- Medikamenthåndtering og andre sjukepleieprosedyrar
- Handtere medisinsk teknisk utstyr
- Oppfølging av pasientar som blir lagt inn planlagt og akutt
- Delta i tverrfaglege team
- Rettleiing av studentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Nyutdanna sjukepleiarar som får autorisasjon i løpet av sommaren 2025
- Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- kan arbeide sjølvstendig
- er god på å prioritere i stressande situasjonar
- har gode samarbeidsevner og er fleksibel
- trivst med å jobbe i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
Vi tilbyr
- Opplæringsvakter
- Gode støttefunksjonar
- Varierte oppgåver
- Dyktige kollegaer
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 11
- Sted: Tysevegen 64, 5416 Stord
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, stord
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389240809
- Sist endret