Juridisk rådgjevar
Ål Kommune
- Frist 9.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Juridisk rådgjevar
Vår jurist startar på sin ph.d. til hausten, og me er på jakt etter hennar etterfølgjar.
Stillinga er lagt til HR-avdelinga men vil fungere som rådgjevar for rådmannen og sektorane i kommunen. Stillinga gir derfor stor bredde i fagfelt og store utviklingsmoglegheiter for den rette søkjaren. Me er på jakt etter ein engasjert, fleksibel og positiv medarbeidar som ynskjer å bidra til å gje både innbyggjarar, administrasjonen og politikarane tenester av topp kvalitet. Dette vil vere ein 100% fast stilling.
Arbeidsoppgåver kan vera:
- Sjølvstendig sakshandsaming og rettleiing, både av generell karakter og i enkeltsakar.
- Samarbeide med rådmann eller andre sakshandsamarar for å finne juridisk handlingsrom i nye eller eksisterande prosjekter.
- Bidra til å kvalitetssikre sakshandsaming og vedtak.
- Rettleie sakshandsamarar i juridiske spørsmål.
- Delta i kvalitetsforbetring og kompetanseutvikling.
Me ynskjer at du som søkjer har:
- Juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap.
- Kompetanse innan sakshandsaming.
- Kjennskap til eller erfaring innan offentleg verksemd.
- Gode IT- kunnskapar.
- Meget gode kommunikasjonsferdigheter, muntleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar:
- Relasjonsbyggjar: du er positiv og har ei tillitsskapande åtferd, evner å byggje gode relasjonar og kan samarbeide på tvers av stillingar og nivå i organisasjonen.
- Strukturert: du tek sjølvstendig ansvar for framdrift, tek initiativ og har høg gjennomføringsevne. Du evnar å halde oversikt og prioritere i ein hektisk arbeidskvardag.
- Service- og brukerorientert: du er imøtekommande, positiv og løysingsorientert i di samhandling med andre.
- Du syns det er spennande og gjevande å vere med å byggje eit godt lokalsamfunn.
Me tilbyr:
- Jobb i ein utviklingsorientert kommune med gode tilbod for innbyggjarane.
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø prega av humør og arbeidsglede.
- Løn etter tariffavtale og innmelding i KLP.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Send søknad:
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Om arbeidsgiveren
Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torget 1, 3570 Ål
- Bransje: Juridiske tjenester, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Rådgivning, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
juridisk, sakshandsaming, juridisk embetseksamen, forvaltning, rettsvitenskap
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389241981
- Sist endret