Dagleg leiar
Denne Stranda AS
- Frist 12.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Denne Stranda AS søker no ein offensiv dagleg leiar
Framtida til Stranda blir skapt no! Vil du bli ein sterk bidragsytar?
Høyr podkast om stillinga på hamnoy.no eller der du høyrer podkast!
Dei komande åra møter det oss store utfordringar knytt til befolkningsutvikling og tilgang på arbeidskraft, slik som for mange andre tettstader i Norge. Samstundes bor vi i eit fantastisk område med eit solid næringsliv med store matbedrifter, reiselivsaktørar, møbelindustri og oppdrettsverksemd. I tillegg er her mange offentlege arbeidsplassar, småbedrifter og gründerverksemder. Stranda kommune tek i mot mange besøkande turistar og hyttefolk, og er ein attraktiv destinasjon heile året. Dette gir eit godt utgangspunkt for å handtere desse utfordringane, og for å utnytte dei mogelegheitene eit moderne samfunn fører med seg.
Skal vi lykkast, må vi arbeide systematisk og målretta over fleire år. Denne Stranda AS skal være drivkrafta i dette arbeidet.
No tek selskapet steget inn i neste utviklingsfase og søkjer difor ein dagleg leiar med stort engasjement og gjennomføringskraft. Som dagleg leiar i Denne Stranda AS vil du arbeide tett saman med styret for å realisere potensialet i vakre Stranda.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som dagleg leiar vil du være med å utforme vegen videre for Denne Stranda. Du vil delta i utforminga av korleis Denne Stranda AS skal gjere synleg og marknadsføre godt:
- fordelane med å bo i Stranda
- moglegheitene for arbeid i Stranda
- satsinga på, og den lange tradisjonen for, utvikling og nyskaping i Stranda
Du vil få ei brei kontaktflate og ein spennande kvardag , der du jobbar tett med næringslivsaktørar og andre samarbeidspartnarar. I tillegg vil du spele ei viktig rolle i å utvikle og styrkje relasjonar i ulike partnarskap og prosjekt.
Andre arbeidsoppgåver vil være:
- jobbe opp mot både lokale og sentrale styresmakter
- etablere gode formelle og uformelle samarbeidsflater
- å utvikle den digitale plattforma for å trekke folk til kommunen
- å vurdere og greie ut nye forretningsmoglegheiter
Ansvarsområda, målepunkt og milepålar vil bli tydelegare konkretisert gjennom strategiplanen som blir gjort ferdig våren 2025.
Din profil
Vi ser etter ein marknadsorientert leiar som ser moglegheiter, tenkjer offensivt og evnar å omsetje ord og tankar til konkrete tiltak og handling. Som leiar er du god til å skape entusiasme og flink til å få andre med deg. Du er samfunnsengasjert og blir sterkt motivert av å vere med på ei satsing som vil ha mykje å seie for framtida til Stranda.
Vidare ser vi for oss at du har:
- bachelor eller høgare utdanning (lang, relevant erfaring kan kompensere for dette)
- gjerne solid leiarerfaring
- erfaring med å leie utviklingsprosessar
- strategisk teft og forretningsorientert erfaring
- ønske om å arbeide med tydelege mål og milepålar
- vere utåtvend, ha gode samarbeidsevner og vere kontaktskapande
- gode digitale ferdigheiter og entusiasme for å ta i bruk nye funksjonar i sosiale media
- gode kommunikasjonsevner i norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
Kvifor Denne Stranda AS?
Vi kan tilby:
- Aktivt engasjement frå styret og eigarbedriftene
- Kontorløysing etter nærare avtale – etter plan i lag med andre
- Fleksibel arbeidstidsordning og stort handlingsrom
- Konkurransedyktige vilkår
- Ei spennande utfordring - sett eit varig fotavtrykk ved å medverke til å bringe vidare
- Stranda si stolte historie som industri- og reiselivskommune
Arbeidsstad: Stranda
Søknadsfrist: 12. februar – søknader vert vurderte fortløpande.
Oppstart etter avtale.
Ynskjer du meir informasjon om stillinga?
Ta kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY ved rådgjevarane
- Sarya Aydilek, tlf. 908 06 003
- Tonje Lavik Hansen, tlf. 902 46 867
Registrer og send inn CV og søknad snarast, og hugs å leggje ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår handsamar alle førespurnader konfidensielt – også overfor oss i Denne Stranda AS i den innleiande fasen dersom det er ynskjeleg.
Tilsetting etter avtale.
Om arbeidsgiveren
Denne Stranda AS er eit nyetablert vekstselskap etablert av over 40 bedrifter og Stranda kommune. Både næringslivet og offentlege verksemder, som Møre og Romsdal fylkeskommune, har stor tru på at selskapet vil fremje nyskaping og vidare utvikling i Stranda. Finansiering er sikra for å kunne arbeide systematisk og langsiktig med dette.
Denne Stranda AS skal være pådrivar for vekst i Stranda kommune, og rekruttering, trivsel og nyskaping er selskapets viktigaste oppgåver. Arbeidet med å utarbeide ein solid og godt forankra strategi er allereie i gang, og ein arbeider også med å legge grunnlag for ei god digital plattform.
- Sektor: Privat
- Sted: Storgata 4, 6200 Stranda
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Industri og produksjon, Markedsføring og annonsering
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Markedsfører
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
dagleg leiar, ledelse, strategisk, utvikling, næringsliv
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389244392
- Sist endret