Banepersonell
Bane NOR SF
- Frist 30.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Banepersonell - Ål
I Bane NOR har me eitt felles mål - å setja spor me er stolte av, som kan driva samfunnet framover. Derfor jobbar me målretta med berekraft, modernisering og knutepunkt. Hos oss får du engasjerte og nytenkjande kollegaer med ei sterk tru på at oppdraget vårt er viktig - og stadig blir viktigare. No treng me banepersonell som vil bidra til å modernisera Noreg saman med oss og samarbeidspartnarane våre.
Bli med å sikra at Noreg går på skjener med drift og vedlikehald av jernbanen. Som banepersonell hos oss blir du med i ei avdeling på Ål med godt arbeidsmiljø og med tverrfaglege samarbeid der ein blir godt kjende og skaper gode resultat saman. Her vil du få varierte arbeidsoppgåver innanfor drift, vedlikehald og fornying. Hos oss får ein moglegheita for kompetanseheving.
Hos oss får du
Du vil bli ein del av eit arbeidsmiljø med eit høgt fagleg kompetansenivå, stor arbeidsglede og dessutan ein givande og meiningsfylt arbeidskvardag med eit sterkt fokus på personleg utvikling. I tillegg får du:
- Sikker jobb heile året hos ein solid arbeidsgjevar med spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Turnusarbeid der du kjem heim kvar dag, men noko natt, helg og heilagdagar må påreknast
- Godt arbeidsmiljø, samhald og fokus på tryggleik
- Konkurransedyktige vilkår og betalt lunsjpause
- Svært gode pensjons- og forsikringsordninger
- Kompetanseutvikling og gode karrieremoglegheiter, og dessutan kursing og sertifiseringar internt og eksternt
- Godt arbeidsmiljø, samhald og fokus på tryggleik
Me er også opptekne av work-life-balance - for me trur at du fungerer betre på jobb om du fungerer godt privat.
Dette kjem du til å gjera
Arbeidsoppgåvene dine vil bestå av feilretting, drift og vedlikehald av banestrekninga innanfor kontraktsområdet Vestlandet. I tillegg vil du:
- Feilretting, drift og vedlikehald av banestrekninga innanfor kontraktsområde Vestlandet
- Fornyelse og investeringsoppgåver
- Bidra til forbetringsarbeid for å oppnå auka tilgjengelegheit i anlegget
- Kjøring av skjenegåande arbeidsmaskiner ved behov
- Tverrfaglig samarbeid med andre faggrupper og andre aktørar i sektoren
- Ved behov kan det vera aktuelt å måtta inngå i tverrfaglege beredskapsordningar
- Ved behov vera villig til å delta på utføring av prosjektoppgåver også utanfor eige kontraktsområde
Dette trur me du treng for å lykkast og trivast
- Relevant fagbrev, som til dømes tømrar eller anna praktisk utdanning frå bygg- og anleggsbransjen.
- Brei erfaring innan anleggsdrift, maskinkøyring og vintervedlikehald.
- Førarkort klasse B, BE, ønskjeleg med T (traktor).
- Teknisk innsikt og praktisk forståing for drift og vedlikehald.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Interesse for vidareutdanning innan jernbanefag - me tilbyr nødvendig opplæring og kurs
- Relevant erfaring med bruk av IKT
- Ønskjeleg at du er godkjend hovudsikringsvakt (HSV) eller vera villig til å ta denne utdanninga
- Yrkespsykologisk test / helseundersøking vil bli gjennomført før eventuell tilsetjing viss ikkje godkjend helsekontroll / test kan leggjast fram
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn fortløpande!
Kjekt å vita
Å søkja jobb i Bane Nor skal vera lett. Du treng derfor ikkje å skriva eit søknadsbrev - ein godt utfylt CV på norsk og svara dine på nokre få spørsmål i søknadsprosessen, er det me ønskjer frå deg.
Ser du noko du ikkje kan? Ta det heilt med ro - me skal sikra at du får ei god opplæring! Me oppmodar deg til å søkja stillinga om ho er interessant, og om du har lyst til å læra noko nytt.
Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer oss kollegaer med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Det er viktig for oss at medarbeidarane våre identifiserer seg med våre verdiar som er open, respektfull, engasjerte og nytenkjande. Kva betyr desse verdiane for deg?
Bane NOR samarbeider med Semac som er ein ekstern leverandør om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
Vil du setja verkelege spor, håpar me du tek kontakt med oss
Om arbeidsgiveren
Bane NOR er med på å bygge Norge! Utviklingen av infrastruktur og knutepunkter former og forandrer samfunnet vårt, og tar oss inn i en mer bærekraftig fremtid. Bane NOR skal være selve drivkraften for jernbanevekst, og bidra til at flere kan ta mer tog. Vi er et statsforetak med hovedkontor i Oslo med over 5500 medarbeidere i hele landet. Søk jobb hos oss og bli med på den viktige og historiske satsningen.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sutøyvegen 2, 3570 Ål
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Andre montører, Bygg/Anleggsleder, Håndverker
Nøkkelord
banepersonell, banemontør, anleggsdrift, HSV, vedlikehold
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389246641
- Sist endret