Einingsleiar for publikum og formidling
Hardanger og Voss museum
- Frist 16.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Hardanger og Voss museum søkjer einingsleiar for publikum og formidling ved Hardanger fartøyvernsenter
Me søkjer ein engasjert og driftig einingsleiar til å leia publikums- og formidlingseininga vår. Eininga har ei allsidig drift med fokus på å formidla maritim handverkskunnskap og kulturhistorie til eit breitt publikum. Me har eit variert tilbod, som aktivitetsbasert formidling, utstillingar, omvisingar, undervisningsopplegg og kurs, utleige av båtar og fartøy og kafédrift og servering.
Eininga har ansvar for forvalting og drift av S/J “Mathilde” og dei andre fartøya som Hardanger fartøyvernsenter forvaltar, samt drifta av småbåtverkstaden. Våren 2025 flyttar me inn i eit nytt, stort publikumsbygg med ny og større kafé, nytt utstillingslokale og filmsal. Dette gjev oss eit stort potensial for nye satsingar og auka publikumsbesøk. Å utnytta dette potensialet vil vera ein viktig del av arbeidet til den nye einingsleiaren. Publikums- og formidlingseininga har om lag 10 fast tilsette, og fleire sesongtilsette.
Arbeidsstad vil vera ved Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund. Stillinga rapporterer til leiar ved Hardanger fartøyvernsenter og inngår i leiargruppa ved Hardanger fartøyvernsenter.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som einingsleiar for publikum og formidling vil ei av hovudoppgåvene dine vera å fylgja opp, koordinera og vidareutvikla alle dei varierte driftsområda saman med dei tilsette, frivillige/venelag og eksterne samarbeidspartar. Saman med dyktige kollegaer vil du arbeida for å fremja Hardanger fartøyvernsenter og vera ein viktig bidragsytar i utviklinga av verksemda.
Andre relevante arbeidsoppgaver vil vera
- fagleg og administrativt ansvar for publikums- og formidlingseininga, inkludert «Mathilde» og småbåtverkstaden
- sal, samarbeid og vidareutvikling av eininga
- budsjett-, resultat- og personalansvar for eininga
- planleggja, fylgja opp og gjennomføra oppgåver og prosjekt
- søknadsarbeid og rapportering
Kvalifikasjonar og personlege eigenskaper
Me ser etter ein lagbyggjar som ønskjer å vere ein tydeleg, inspirerande og synleg leiar. Du evner å skape entusiasme for endring og utvikling av tilboda våre ved fartøyvernsenteret. Du vert motivert av ei spanande og interessant leiarrolle i kulturfeltet.
Videre ser vi for oss at du har
- relevant høgskule- eller universitetsutdanning
- erfaring med, og interesse for sal og kundeoppfølging
- relevant erfaring frå reiseliv og kulturfagleg arbeid
- erfaring med formidling
- interesse og engasjement for maritim kultur og historie
- leiarerfaring og relevant administrativ erfaring er ein føremon
- gode språkkunnskapar på nynorsk og engelsk, skriftleg og munnleg
Som einingsleiar for publikum og formidling vil du ha ei brei kontaktflate og samarbeide tett med dei andre einingsleiarane og kolleger, i tillegg til andre samarbeidspartnarar. Det er difor viktig at samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter er gode, også på tvers av fagområde og ulike prosjekt.
Talent, nysgjerrigheit og evne til å lære er viktigast. Dersom du har spisskompetanse på noko av det me er på jakt etter, og har ambisjonar og eit ønskje om å utvikle deg vidare, oppmodar me deg til å vise interesse for stillinga.
Kvifor Hardanger og Voss museum?
- Me tilbyr ei spennande og viktig leiarstilling i ein kulturinstituasjon med stor tru på framtida.
- Du vil bli ein del av eit triveleg og uformelt miljø, omgitt av kollegaer med eit sterkt engasjement for arbeidsplassen sin og oppdraget vårt i samfunnet.
- Regionen har eit mangfaldig kulturtilbod, og moglegheitene for friluftsliv på fjell og fjord er aldri langt unna.
- Museet tilbyr konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.
Søknadsfrist: 16. februar 2025 - me vurderer søknader fortløpande.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga?
Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgjevarane
- Fredrik Abrahamsen Deilkås, tlf. 984 72 541
- Allette Solberg, tlf. 900 20 132
Registrer og send inn CV og søknad, og hugs å legga ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt – også overfor oss i Hardanger og Voss museum i den innleiande fasen (dette gjeld også for interne søkjarar) . Tiltreding etter nærare avtale.
Om arbeidsgiveren
Hardanger og Voss museum er den største kulturinstitusjonen i regionen. Museet har sett som mål at ein gjennom fagleg arbeid og stort engasjement skal vera ein sentral samfunnsaktør i regionen. Verksemda har omlag 70 årsverk og omkring 80 millionar i omsetnad.
Hardanger fartøyvernsenter er den største avdelinga i Hardanger og Voss Museum, med kring 45 tilsette. Me er eit nasjonalt fartøyvernsenter og museum. Her finn du eit av dei største fagmiljøa for restaurering av båtar og fartøy i Norden med båtbyggjarar, smedar og reipslagarar. I tillegg har me ein bygningsvernavdeling som driv restaurering og dokumentasjon, i tillegg til å vera læringsarena for NTNU og Fagskulen i Vestland. Me har i dag kring 20 000 besøkjande gjennom året og formidlar maritimt handverk og kulturhistorie. Hardangerjakta “Mathilde” som er alle tings mor ved HFS, seglar både med leirskuleelevar og andre gjester og er ein viktig del av oss.
- Sektor: Privat
- Sted: Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund
- Bransje: Kunst og kultur, Maritim og offshore, Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Ledelse, PR og informasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
einingsleiar, publikum, formidling, maritim, kulturhistorie
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389248492
- Sist endret