Medarbeidar byggadministrasjon og kontordrift
Havindustritilsynet
- Frist 02.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Medarbeidar innan byggadministrasjon og kontordrift
Havindustritilsynet søker ein serviceinnstilt og fleksibel kollega innan byggadministrasjon og kontordrift. Du skal jobba tett saman med byggkoordinator og resten av laget Bygg/Internsikring for å løysa oppgåvene.
Denne rolla er viktig for å sikra at daglege drifts- og planleggingsoppgåver blir tekne vare på og gjennomførte effektivt og på ein god måte.
Vi ser etter ein person som likar å jobba strukturert, er sjølvstendig og nysgjerrig, som held god orden samstundes som du jobbar effektivt. Dette er ein servicefunksjon, og du vil vera mykje i kontakt med menneske. Det er difor viktig at du trivst i ei slik rolle, og kommuniserer godt med andre.
Bygg og kontordrift i Havindustritilsynet er ein sentral del i drifta av lokala våre i Professor Olav Hanssens vei 10, Stavanger. Lokala er på om lag 8 000 kvm, blir leigde av Entra Eiendom, og blir drifta av Newsec AS. Lokala består hovudsakleg av kontor, fellesareal og møterom, og vi vil basera oss i stor grad på leverandørar av tenester til dei viktigaste driftsfunksjonane.
Arbeidsoppgåver
Følga opp og gjennomføra aktuelle tenester og leveransar innan område som:- Generell administrativ støtte til avdelinga
- Bestilling, mottak og oppfølging av varer og tenester som inngår i avdelinga sine driftsoppgåver
- Planlegging og praktisk tilrettelegging i samarbeid med avdelingar i Havtil, huseigar og andre leigetakarar i samband med bruk og drift av kontorlokala som posthandsaming, møblering, møterom, og interne lager
- Hjelpa til i samband med enkelte innkjøp og kontraktsarbeid
- Fakturamottak og kontroll (Unit4)
- Ajourhald av interne retningsliner innan området bygg/sikring, oppdatering av informasjon til Indre sone (intranett)
- Bistand i samband med arrangement i Havtil
- Bidra i arbeidet med øvingar, intern sikring og handtering av hendingar internt ved behov
- Aktiv oppfølging av uteståande saker i avvikssystemet
- Hjem Jobb Hjem-kontakt
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med fagbrev innan kontoradministrasjon eller tilsvarande relevant utdanning. Lang og relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
- 2-5 års nyleg relevant arbeidserfaring med tilsvarande oppgåver
- Erfaring frå arbeid med praktisk drift og vedlikehald av bygg og administrasjonsarbeid som skildra
- God kjennskap til digitale verktøy
Havindustritilsynet er underlagt sikkerheitslova. Søkjarar til stillinga må kunna sikkerheitsklarerast og autoriserast for nivå Konfidensielt, jf. Sikkerheitslova § 8-2 "Sikkerheitsklarering"
Personlege eigenskaper
- Initiativrik og serviceinnstilt
- Evne til å handtera fleire oppgåver samstundes og bestillingar frå fleire delar av organisasjonen
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å jobba strukturert og sjølvstendig
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Vi tilbyr
- interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ein spanande etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og trivelege kollegaer med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter til vidare kompetansebygging og utviklingsmoglegheiter
- løn etter avtale
- medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons- og forsikringsordningar
- fleksibel arbeidstid
- moglegheiter for heimekontor inntil to dagar i veka
- fadderordning
- lokalisert på Ullandhaug i Stavanger i moderne og trivelege kontorlokale med individuelle kontor
- Gode parkeringsmoglegheiter og bussforbindelsar i nærleiken
- aktivt bedriftsidrettslag og gode treningsfasilitetar
- ordning med trim i arbeidstida
- tilgong til bedriftshytte
Om arbeidsgiveren
Havindustritilsynet skal leggja premiss for og følgja opp at aktørane i petroleumsverksemda held eit høgt nivå innan helse, miljø og sikkerheit, beredskap og sikring og gjennom dette også vera med på å skapa størst mogleg verdiar for samfunnet. Havindustritilsynet har òg fått ansvar for å fylgje opp fornybar energiproduksjon til havs, CO2-transport og -lagring og havbunnsmineraler. Til dette arbeidet treng vi dyktige og motiverte fagfolk.
Som arbeidsgjevar vil me i størst mogleg grad spegla mangfaldet i samfunnet. Difor vert alle kvalifiserte kandidatar med ulik arbeids- og livserfaring oppmoda om å søka jobb hos oss. Dette gjeld med omsyn til både kjønn, alder, etnisitet, funksjonsevne og kandidatar som av ulike grunnar ikkje kan dokumentera ei samanhengande yrkeskarriere.
Havindustritilsynet jobbar aktivt med IA-arbeid, som mellom anna inneber at både arbeidsgjevar og dei tilsette pliktar seg til systematisk samarbeid for å oppnå meir inkluderande arbeidsplassar.
Dersom kandidatar opplyser at dei har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller ikkje kan dokumentera samanhengande yrkeskarriere, kan opplysningane anonymt bli brukt til statistikkformål.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Professor Olav Hanssens vei 10, 4021 Stavanger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Offentlig administrasjon, Olje og gass
- Stillingsfunksjon: Annet, Kontor og administrasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Byggdrift, Byggadministrasjon, Kontordrift, Drift
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389405238
- Sist endret