Behandlingsleiar
Bufetat
- Frist 02.02.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Behandlingsleiar
Vil du delta i eit spennande behandlingsarbeid for ungdom med rusproblem?
Ved Bjørgvin ungdomssenter har vi ledig 100 % vikariat behandlingsleiar. Vikariatet gjeld frå 22.04.25 - 30.08.26, med moglegheit for forlenging.
Bjørgvin ungdomssenter har to avdelingar som er lokalisert på Bønes i Bergen kommune. Kvar avdeling har plass til fire ungdommer. Avdelingane er identisk i struktur og behandling og samarbeidar tett.
Bjørgvin ungdomssenter gjer tilbod om rusbehandling for ungdom mellom 13 og 18 år etter behandlingsmetoden læringsbasert rusbehandling (LBR). Målgruppa er ungdom med alvorlege åtferdsvanskar, herunder alvorlege og vedvarande rusproblem. Ungdommen er plassert etter bvl § 6-1 og § 6-2 med plasseringstid inntil12 månader. Vårt mål er å hjelpe ungdommen med varig positiv endring i sine liv. Metoden læringsbasert rusbehandling (LBR) byggjer på læringsteoretiske prinsipp, kognitiv åtferdsteori og utviklingsøkologisk teori. Det vert lagt stor vekt på å skape eit godt tillitsbasert samarbeid med ungdommen og ungdommens naturlege økologi. Sentralt i behandlinga er at ungdommen skal opparbeide seg ferdigheitar for å håndtere situasjonar som tidlegare har ført til rusbruk.
Det er tett samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartnarar som til dømes barnneverntenesta for å støtta ungdommen i endringsarbeidet. Behandlingsmodellen er under utvikling i eit spanande samarbeid mellom kvalitetssikrar i Nasjonal eining for behandling (NABE), Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU), Bjørgvin ungdomssenter, Jong ungdoms- og familiesenter og Skjerven rusbehandling ungdom.
Arbeidsoppgåver
I stillinga som behandlingsleiar får du jobbe med:
- Inntak til institusjonen i samarbeid med leiargruppa og lokalt/nasjonalt inntaksteam.
- Overordna ansvar for utarbeiing og oppfølging av behandlingsplanane til ungdommen.
- Rettleiing av miljøtarepeutane på institusjonen i.h.t metode og ungdommenes behandlingsplanar.
- Oppfølging av individuelle utviklingsplanar.
- Fasilitere konsultasjon og rettleiing kvar veke saman med einingas LBR-konsulent (Kvalitetssikrar frå Nasjonal eining for behandlingstiltak (NABE).
- Følgje opp kontakta med ungdommens familie og nettverk.
- Overordna ansvar for familerettleiing
- Kvalitatssikring og dokumentasjon i henhold til læringsbasert rusbehandling og standardisert forløp i behandlingsinstitusjonar.
- Saman med LBR-konsulent og andre behandlingsleiarar, bidra til opplæring for nytilsette, samt gjennomføre vedlikehaldssaminarer.
- Samtale med ungdom kvar veke.
Kvalifikasjonar
Krav til stillingane:
- Profesjonsstudiet i psykologi/psykologispesialist eller klinisk mastergrad i helse- og/eller sosialfag, eller treårig helse-/sosialfagleg utdanning med klinisk videreutdanning tilsvarande minimum 60 stp.
- Rettleiarerfaring blir vektlagt
- Det vert kravd grundig kjennskap til det teoretiske fundamentet som behandlingsmodellen bygger på, dvs. utviklingsøkologisk teori, kognitiv åtferdsterapi, sosial læringsteori og familieterapi.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- Gode IKT ferdigheter samt gode holdninger til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
Det er ynskjeleg med:
- Utdanning og erfaring frå arbeid med ungdom med åtferdsvanskar og rusproblem.
- Erfaring frå institusjonsarbeid.
Personlege eigenskapar
Du har evne til å:
- Leie eit behandlingsteam.
- Arbeide langsiktig, målretta og systematisk.
- Arbeide sjølvstendig og fleksibelt.
- Har toleranse for arbeidspress i ein hektisk kvardag.
- Kan vera trygg i krevjande situasjonar.
Personlege eigenskapar vert vektlagt og vil bli tatt med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
- Stillingane er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode psykolog (0794), kr 620 000 - 720 000,- pr år eller psykolog med godkjent spesialitet (1304), kr 745 000 - 870 000,- pr. år, klinisk barnevernspedagog/sosionom (1496/1173), kr 605 000 - 720 000,- pr år, Spesialutdanna sosionom, barnevernspedagog og miljøterapeut (1510/1185/1534), kr 605 000 - 720 000,- pr. år. Lønn og stillingskode vurderast etter utdanning og erfaring. Søkjarane med sosialfaglig utdannelse vil plasserast i fagspesifikke stillingskodar: sosionom, vernepleier, barnevernspedagog (evt klinisk eller spesialutdanna) i tråd med lokal lønnspolitikk for Bufetat. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om statens pensjonskasse, som inneber ein god tenesteordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løysa oppgavene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hull i CV-en eller invandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe il intervju, og får du jobben, legger vi til rette for deg om du treng det. Utenom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningene til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stllinga er lagt til Bjørgvin ungdomssenter avdeling Bønesskogen
- Stillinga er eit vikariat fra 22.04.25 - 30.08.26.
- Politiattest må framleggast ved tilsetjing, jf. Barnevernlova § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje tas til følgje.
- Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bønesstølen 13, 5154 Bønes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Omsorg og sosialt arbeid
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Psykologi, Psykologispesialist, Barnevernfaglig, Leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389416932
- Sist endret