Rådgivar jord og plantekultur
Norsk Landbruksrådgiving SA
- Frist 12.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Gjer ein skilnad – kvar dag!
Vil du bli ein del av den viktigaste kompetansebedrifta i landbruket? NLR SA har ledig 100 % fast stilling innan jord og plantekultur, med vekt på fagområdet grovfôr. Geografisk ansvarsområde for stillinga vil vera ytre Romsdal og Nordmøre, kontorstad vil vera i Molde.
Gjer ein skilnad – kvar dag!
I NLR SA står du i sentrum av utviklinga av norsk matproduksjon. Du vil påverke retningsval og produksjon hos mange enkeltbønder og dermed gi eit viktig bidrag til utviklinga av landbruket og maten vi alle er avhengige av kvar einaste dag.
I NLR er vi nysgjerrig på å finne nye og betre måtar å hjelpe kundane våre på! Våre tilsette er avgjerande for at vi skal lukkast med våre oppdrag. Vi har eit arbeidsmiljø med stor fagleg breidde og djupne, med høg kompetanse på mange fagfelt. Vi tek godt vare på folka våre, og oppmuntrar og legg til rette for personleg, samt fagleg utvikling.
Kven leitar vi etter?
Vi søkjer ein sjølvstendig og hyggeleg person med kunnskap om, og positivt engasjement for landbruksnæringa. Vi ser etter deg som har høgare landbruksfagleg utdanning og/eller annan relevant landbruksfagleg kompetanse og erfaring.
Arbeidsoppgåver:
Rådgiving og informasjon til medlemane, både munnleg og skriftleg.
Utvikle rådgivingstilbodet i regionen saman med andre rådgivarar og samarbeidspartnarar.
Planlegge og gjennomføre fagmøte, kurs, prosjekt og feltforsøk.
Jordprøvetaking og utarbeiding av gjødslingsplanar.
Vere oppdatert på siste nytt innan fagområdet.
Andre aktuelle arbeidsområde kan vere; plantevernkurs, økologisk landbruk, klimarådgiving, grovfôrøkonomi og grovfôrstrategi, avhengig av interesser og kompetanse.
Vi tilbyr:
Inntil 100 % fast stilling.
Utfordrande fagleg arbeid i eit aktivt miljø, både lokalt og nasjonalt, med gode moglegheiter for utvikling
Stor grad av sjølvstendigheit og fleksibilitet
Triveleg arbeidsmiljø
Lønn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om arbeidsgiveren
Norsk Landbruksrådgiving SA (NLR) er eit landsdekkande samvirkeforetak med 24.000 medlemar og 400 medarbeidarar. Med 6 regionavdelingar og rundt 100 kontorstader, har NLR sterk lokal forankring. NLR er bindeledd mellom forsking og landbruket, og innhentar, utviklar og samordnar kunnskap som rådgivarane formidlar til næringsutøvarar i landbruket.
Våre rådgivarar jobbar med rådgiving og utviklingsoppgåver innan jord- og planteproduksjon, økonomi, rekneskap, HMS, maskinteknikk, hydroteknikk, presisjonslandbruk, landbruksbygg, fornybar energi, klima og miljø. Vår visjon er “kompetanse for framtida”. Vi leverer aktuell, kunnskapsbasert, objektiv og heilskapleg rådgiving, og er ein attraktiv samarbeidspartnar for landbruket.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Samvirke
- Sted: Fannestrandvegen 63, 6415 Molde
- Bransje: Jordbruk og skogbruk, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Agronom, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
NLR, grovfôr, landbruk, plantekultur, jordbruk
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389419794
- Sist endret