GIS koordinator
Sogndal kommune Plan og forvaltning
- Frist 31.01.2025
- Ansettelsesform Fast
GIS koordinator
Sogndal kommune er i dag med i eit interkommunalt GIS samarbeid i Indre Sogn.
Det er tilsett eigen GIS-koordinator for dette samarbeidet, som ma. har ansvar for felles forvaltning av kartbasar, programvare og samordning med andre interkommunale samarbeid (td renovasjon, brann og redning).
I ei nyoppretta stilling i Sogndal kommune søkjer me etter ein person som kan vere med på å løfte kommunene til å bli ein kommune i eliteserien innanfor bruk av GIS.
Våre forventningar til deg vil vere:
- Utvikle kommunene til meire og betre bruk av GIS som eit nyttig verktøy internt. Vere framme i skoa i høve GIS-løysingar som vil effektivisere våre tilsette son kvardag.
- Utvikle kommunene til meire og betre bruk av GIS som verktøy ved informasjon til våre innbyggarar,. Vere ein pådrivar for å nytte kart på nett for å gi enkel og god informasjon til våre innbyggarar.
- Kommunen sin interne rådgjevar for fleire fagfelt som nyttar kart/GIS, td plan, landbruk, veg VA, byggjesak, oppmåling og miljø.
- Kommunen sin kontaktperson for fagsystem innan GIS og KomTek. Sogndal kommune nyttar i dag i hovudsak Gisline, KomTek og Gemini VA programvare.
- kommunen sin representant i Geovekstprosjektet og andre prosjekt som naturleg ligg til GIS/kart faget.
Kvalifikasjonar:
- Utdanning i GIS/geomatikk på master- eller bachelor nivå.
- Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Det er ønskjeleg med erfaring med programvare Gisline og erfaring med presentasjon av kart på nett.
- Gode IT - kunnskpar.
Personlege eigenskapar:
- Sjølvstendig, strukturert og kvalitetsbevisst.
- Løysingsorientert.
- Nysgjerrig og endringsvillig.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Om arbeidsgiveren
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837
- Sektor: Offentlig
- Sted: Riverdalen 5, 6856 Sogndal
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: IT - programvare
- Stillingsfunksjon: Koordinering
Nøkkelord
GIS, koordinator, kart, oppmåling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389860477
- Sist endret