Industrimekaniker
Forsvaret
- Frist 10.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli ein vedlikeholdar av ubåtar?
Er du løysingsorientert og positiv til nye utfordringar i din arbeidskvardag? Forsvarets verkstader Bergen ynskjer å kome i kontakt med deg som har lyst til å jobbe med ubåtar.
Ved Forsvarets verkstader Bergen er det over 400 tilsette, og vi vedlikeheld Sjøforsvarets materiell på landsbasis. Vedlikehaldet vårt spenn seg over et vidt spekter av fagfelt frå høgteknologi til konvensjonell verkstadsdrift, og vi har tilsette som er både overenskomstlønna og regulativlønna.
Ved torpedo-rør verkstadet på Laksevåg har vi ledig 3 stillingar som industrimekanikar. Verkstadet har 32 tilsette og utfører mekanisk vedlikehald, i hovedsak på torpedosystem på Sjøforsvarets ubåtar.
Arbeidsoppgaver
- Du vil være ansvarleg for fagmessig utførelse av vedlikehald og reparasjonar innan eige fagområde
- Du vil være med på å vidareutvikle verkstadet fram mot ny ubåtklasse og nye vedlikehaldsfasilitetar på Haakonsvern
- Delta i prosjekt ved behov
- Verkstadet har høgt fokus på HMS, og det er viktig at du vil være ein viktig bidragsytar til dette arbeidet
- Du må rekne med å reise noko i jobben
Kvalifikasjoner
- Fagbrev som industrimekanikar. Lang relevant erfaring kan etter vurdering kompansere for manglande fagbrev
- Du må kunne sikkerheitsklarerast for HEMMELIG før tiltredelse
- God muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ynskjeleg med:
- Kjennskap til hydraulikk
- God kjennskap til SAP
Søknadar og CV som ikkje er skrevet på norsk vil ikkje bli vurdert
Personlige egenskaper
- Du vil yte ditt beste for å samarbeide godt med dei du møter i arbeidskvardagen
- Du ynskjer og vil være nøyaktig i gjennomføringa av arbeidet ditt på alle områder
- Du likar å finne løysingar på utfordringar som oppstår
- Du har interesse for å tilegne deg ny kunnskap og vil gjerne vidareutvikle kunnskapsnivået ditt
Vi tilbyr
- Gode moglegheitar for personleg og fagleg utvikling
- Moglegheitar for fleksibel arbeidstid
- Vi har treningsrom lokalt på Laksevåg, samt moglegheit for å nytte vårt store treningsanlegg med symjehall, klartrevegg og styrkerom på Haakonsvern. Dette kan du nytte opp til 2 timar i arbeidstid så lenge det lar seg gjere, samt på fritid saman med familien
- Gode pensjons- og velferdsordningar
- Lønn i henhold til Verkstedoverenskomsten i Forsvaret, for tida kr 624 325 - 677 803 pr år for fagarbeidar. Av løna trekkast 2 % lovbestemt innskudd til Statens pensjonskasse
Om arbeidsgiveren
Ein jobb i Forsvaret er noko meir enn ein jobb. Forsvarets viktigaste oppgåve er å skape sikkerheit for Noreg og tryggleik for befolkninga. Uansett kva stilling du har, er du med på å ivareta landets og fellesskapets interesser. For å verne om alt vi har og alt vi er, må vi sjølve leve ut dei verdiane vi er satt til å forsvare. Vi ynskjer difor tilsette som bidrar til ein god kultur ved å vise respekt og ta ansvar for kvarandre, og ha mot til å handle riktig og våge å sei frå.
Som ein del av Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) sørger du for at Forsvaret kan utføre sine oppgåver og forsvare landet på best mogleg måte. FLO fornyar, forenklar og forbetrar Forsvarets logistikk. Det gir styrka kampkraft og bærekraft. I FLO jobbar sivile og militære med høg kompetanse og lang erfaring med militær logistikk og materiell. Forsyning og vedlikehald av materiell, som er unikt for Forsvaret, er kjernekompetansen til FLO sine tilsette. FLO ivaretar innkjøp og driftsanskaffelsar for forsvarssektoren.
Ved Forsvarets verkstadar utførast vedlikehald av alt frå Sjøforsvarets fartøy til Hærens og Heimevernets stridsvogner, kjøretøy og våpen – i tillegg til komplekse sambandssystem.
I Forsvaret er det ynskjeleg at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal speile mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hull i CV eller funksjonsevne. Vi vil sørge for tilrettelegging på arbeidsplassen om det er behov for det. Nokon av Forsvarets stillingar kan ha eigne helsekrav og krav til fysisk skikkaheit.
I henhald til offentlegheitslova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren kan anmode om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Det er eigne reglar for militære stillingar.
Forsvaret nyttar elektronisk søknadssakshandling. Attestar og vitnemål/fagbrev må leggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Noreg må være godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.
Det blir gjort bakgrunnsjekk når sikkerheitsklareringa gjennomførast.
Les meir om jobb i forsvaret.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Johan Berentsens vei 11, 5160 Laksevåg
- Bransje: Håndverkstjenester, Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Mekaniker
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ubåt, torpedo, industrimekaniker, forsvaret, laksevåg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389900562
- Sist endret