Miljøterapeut
Bufetat
- Frist 07.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Miljøterapeut
Bergen Akuttsenter avdeling Toppe, søkjer etter 2-3 fagleg kvalifiserte miljøterapeutar.
- 2-3 x fast 100% stilling som miljøterapeut.
- Alle jobber i to-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Bergen akuttsenter avdeling Toppe tek imot ungdom etter barnevernlova § 4-4. Avdelinga ivaretek akuttfunksjonen for ungdom i alderen 13-18 år i Vestland. Vi har 5+1 plassar på avdelingen.
Ved Bergen akuttsenter avdeling Toppe er kvardagen i avdelinga prega av hyppige nye inntak av ungdom i krise med store variasjonar i problematikk. Det kan være bakgrunn, åtferd, psykisk fungering og omsorgsbehov, krav til å kartlegge mange faktorar på kort tid, samt det å begynna arbeidet med å skape ei utvikling hjå ungdomen og deira familie.
Arbeidsoppgåver
Arbeidskvardagen din vil bestå av:
- Som hovedkontakt i 100% stilling vil du ha koordineringsansvar for ungdom på institusjonen, kartlegging og rapportskriving i samarbeid med fagkoordinator og leiing.
- Miljøterapeutisk arbeid med ungdom med fokus på traumesensitiv tilnærming og krisehandtering.
- Dagleg omsorg og oppfølging av ungdom.
- Ta i mot nye ungdomar.
- Dokumentasjonsansvar.
- Praktiske oppgåver i avdelinga.
- Kvardagen i avdelingane er prega av hyppige nye inntak av ungdom i krise med store variasjonar i problematikk. Det kan vere bakgrunn, åtferd, psykisk fungering og omsorgsbehov, krav til å kartlegge mange faktorar på kort tid, samt det å begynna arbeidet med å skape ei utvikling hjå ungdomen og deira familie.
Kvalifikasjonar
Kvalifikasjonar til stillinga:
- Det krevst fullført bachelorgrad i sosialfagleg utdanning (sosionom, barnevernpedagog eller vernepleiar).
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad kan vurderast.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
- Sertifikat kl. B.
Det er ønskeleg at du har:
- erfaring frå arbeid med ungdom i institusjon.
- kjennskap til Lov om barnevern.
- kjennskap til traumebevisst omsorg.
- rettleiingskompetanse.
Personlege eigenskapar
Kven ser vi etter?
- Me treng fleksible, tydelege, reflekterte og trygge ansatte.
- Me ønskjer medarbeidarar med klare haldningar som vil framstå som gode rollemodellar for ungdomane.
- Me legg vekt på personlege eigenskapar som å vere sjølvstendig, ansvarleg, påliteleg, åpen, samarbeidsvillig.
- Me legg vekt på engasjement, initiativ og interesse for ungdomane.
- For oss er det også svært viktig korleis du som person passar til jobben. Dette vil bli tatt med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
- Hos oss får du først og fremst moglegheit til å vere ein trygg vaksen for barn og ungdom som treng det i ein vanskeleg livsfase.
- Du får jobbe i eit hektisk og dynamisk miljø saman med erfarne, positive og engasjerte kolleger med høg fagkompetanse.
- Me har eit godt arbeidsmiljø med god takhøgde, og me gler oss til å få fleire med på laget som kan bidra med nye idear og eigenskapar.
- Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, 1494 sosionom, 1495 barnevernpedagog eller 1508 vernepleiar, p.t. kr. 480 000 - 605 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut 1510 spesialutdanna barnevernpedagog, 1185 spesialutdanna sosionom eller 1509 spesialutdanna vernepleiar, p.t. kr. 532 200-650 000 pr. år, 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernpedagog, p.t. kr. 532 200- 650 000 pr. år, master og klinisk spesialist kr. 548 500 - 660 000 pr. år.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tjenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
I tillegg kan vi tilby:
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Du får vere med på å løfte oss slik at me kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Opplysningar til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Bergen Akuttsenter avdeling Toppe.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorlova § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
For spørsmål om stillingen kan avdelingsleiar, Thore Ingebrigtsen kontaktes på telefon 46615876.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Skinflorbakkane 12, 5136 Mjølkeråen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier, Heiltid, Fast
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389904981
- Sist endret