LIS Vikariat
Helse Bergen
- Frist 31.01.2025
- Ansettelsesform Vikariat
LIS Vikariat
Nevrokirurgisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus har ledig vikariat i 100% stilling for lege i spesialisering i nevrokirugi med snarleg tiltredelse (frå 15.02.2025). Vikariatet har er i 6 månader. Primærvakt er for tida 7-delt døgnvakt. Vikariatet kan telle som del av spesialistutdanninga i nevrologi eller nevrokirurgi.
Vi har har hovudansvaret for nevrokirurgisk verksemd i Helse Vest RHF, og greier ut og behandlar pasientar med alle nevrokirurgiske tilstandar. Vi har regionsjukehus-ansvar for 1,1 millionar innbyggjarar og landsfunksjonar for stråleknivbehandling og behandling av vestibularisschwannomer.
Nevrokirurgisk avdeling er samorganisert med Nevrologisk avdeling i Nevroklinikken. Avdelinga har 25 sengeplassar, kor 9 plassar er knytt til ein eigen overvakingseining. Vi har to særs godt utstyrte operasjonsstover, og gjorde om lag 2500 inngrep i 2024.
Avdelinga har stor forskingsaktivitet og mangeårig samarbeid med andre nasjonale og internasjonale forskingsgrupper, både innan klinisk og preklinisk forsking. Avdelinga har eit godt systematisert utdanningsløp med god veiledning. Vikariatet kan brukes som side utdanning for LIS i spesialisering i nevrologi. Cand.Med som venter på gjennomføre LIS-1 kan og søke på vikariat og vil bli vurdert dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar.
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i alminneleg vaktturnus og arbeidsoppgåver for legar i spesialisering
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS 2/3 må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i nevrokirurgi
- For vikariat kan Cand.med. som venter på å gjennomføre LIS 1 kan søke og bli vurdert dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar
- Relevant sjukehuserfaring er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner både tverrfagleg og interkollegialt på alle nivå i organisasjonen
- Fleksibel og systematisk
- Interesse og motivasjon for fagfeltet
- Gode kommunikasjonsevner
- Trives i et travelt og aktivt miljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande avtalar mellom Helse Bergen og Legeforeningen
- Eit trygt og hyggelig arbeidsmiljø med god opplæring
- Eit inspirerande og sterkt fagleg miljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: LIS
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
LIS, LIS-lege, Lege i spesialisering, Nevrokirurgi, Nevrologi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389994599
- Sist endret