Rådgjevar
Hordaland friomsorgskontor
- Frist 13.02.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Rådgjevar/Jurist
Rådgjevar Jurist
KRIMINALOMSORGEN REGION VEST HORDALAND FRIOMSORGSKONTOR
Hordaland friomsorgskontor har hovudkontor i Bergen og lokalkontor i Odda og på Stord, med til saman 38 tilsette. Arbeidet i kriminalomsorga er utfordrande, og me legg vekt på å ha eit godt fagleg og stimulerande arbeidsmiljø. Friomsorga har ansvar for straff i samfunn; samfunnsstraff, straffegjennomføring med elektronisk kontroll, løslatt på prøve, betinga dommer, bøtestraff m.m.
Kriminalomsorgen region vest er eit etatsnivå lagd under Kriminalomsorgsdirektoratet med overordna ansvar for straffegjennomføring i fylka Vestland og Møre og Romsdal. Region vest med ca 500 tilsette har sin regionadministrasjon i Bergen. Region vest administrerar fem fengsel og tre friomsorgskontor, Lyderhorn overgangsbustad og ND-senteret i Bergen.
Ein av våre juristar skal ut i permisjon. Vi søker derfor etter jurist/rådgjevar til eit års vikariat ved Hordaland friomsorgskontor, tenestestad Bergen. Tiltreding snarast.
Arbeidsoppgåver
- sakshandsaming etter relevant regelverk
- rådgjeving og rettleiing av saksbehandlere og leiinga
- formidling og implementering av relevant og nytt lovverk
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha:
- juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er eit krav, og det er ynskjeleg med gode engelskkunnskapar
- god kjennskap til IKT verktøy
godt juridisk skjønn
Det er ønskjeleg at du:
- har kjennskap til straffegjennomføringskjeda
- identifiserer deg med kriminalomsorga sine verdier
- har erfaring frå sakshandsaming og journalføring
Personlege eigenskapar:
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er sjølvstendig, initiativrik og har god gjennomføringsevne
- evne til å samarbeide godt med ulike faggrupper
- jobbar systematisk, effektivt og nøyaktig
- har evne til å planleggje og strukturere ein arbeidskvardag med mange oppgåver og prosessar
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- fleksitidsordning
- trening i arbeidstida
- stillinga blir lønt som Rådgjevar, kr 548 600 - 640 000 pr år, avhengig av kvalifikasjoner, det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til leiar Morten Cornell Jacobsen tlf.47314378 eller juridisk rådgjevar Julie Lie tlf. 90702885.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om arbeidsgiveren
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Allehelgens gate 2, 5016 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Jurist
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390004255
- Sist endret