Sikkerheitssjef
Hordaland tingrett
- Frist 09.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Sikkerhetssjef
Om stillinga
Er du ein erfaren leiar med evne til å sikre trygge arbeidsplassar og god beredskap? Hordaland tingrett søkjer no ein engasjert og kompetent sikkerheitssjef.
Som sikkerheitssjef i Hordaland tingrett vil du ha det overordna ansvaret for å sikre rettsbygninga, tilsette, publikum og aktørar på tinghuset. Du vil vere ein viktig person for tingretten og arbeide tett med domstolens leiing, administrasjon, politi og andre relevante aktørar for å utvikle, implementere og vedlikehalde effektive sikkerheitstiltak.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Hovudoppgåver:
- Leie og koordinere arbeidet med fysisk og organisatorisk sikkerheit i rettsbygninga.
- Ansvar for utarbeiding og oppdatering av sikkerheitsprosedyrar og beredskapsplanar.
- Samarbeide tett med ledelsen i tingretten, politi, brannvesen og andre offentlege etatar for å sikre ein god beredskap.
- Opplæring og informasjon til medarbeidarar om sikkerheit og beredskap.
- Håndtering og vurdering av trusselbildet i høve til rettsprosessar/rettsmøte og personell.
- Utvikle og gjennomføre risikovurderingar og tiltak for å redusere risikoen for uønska hendingar.
- Ansvar for gjennomføring av øvingar og testar knytt til sikkerheit og beredskap.
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning, fortrinnsvis innan sikkerheitsfag, beredskap, jus eller andre relevante fagområde.
- Søkere må tilfredsstille kravene til vekter i lov og forskrift om vaktvirksomhet.
- Det er krav om utvida politiattest.
- Relevant leiarerfaring og erfaring frå sikkerheitsarbeid, gjerne frå offentleg sektor eller frå rettsvesenet.
- Gode leiareigenskapar og evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- God kjennskap til gjeldande regelverk og prosedyrar knytt til tryggleik og beredskap.
- Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.
- Erfaring med risikovurdering, trusselbildeanalyse og beredskapsplanlegging.
- Kjennskap til relevant teknologi og sikkerheitsutstyr.
Personlege eigenskapar:
- Strukturert og målretta.
- Ansvarsbevisst og sjølvstendig.
- Evne til å handtere stress og uforutsette situasjonar.
- Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Godt humør og evne til å samarbeide med ulike aktørar.
- Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagde.
- Fokus på gode prosessar samstundes som ein har evne til å ta avgjersler.
Andre opplysingar
Vi tilbyr:
- Ein spennande og ansvarsfull stilling i ein viktig samfunnsinstitusjon.
- Ein spennande prosess med rehabilitering av Bergen tinghus, der sikkerheit er eit av dei viktige momenta.
- Ein arbeidsplass med høg etisk standard og godt arbeidsmiljø.
- Fleksibel arbeidstid.
- Trening i arbeidstida.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse .
- Løn som seniorrådgivar (kode 1364) etter hovudtariffavtalane i staten.
Søk elektronisk via denne sida. Søknaden skal innehalde CV, vitnemål og eventuelle relevante attestar.
Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakte direktør Anette Johansen på telefon 45039196 eller e-post ([anette.johansen@domstol.no)anette.karin.johansen@domstol.no
Frist: 9. februar 2025
Om arbeidsgiveren
Hordaland tingrett har fra 10. Juni 2025 39 dømmande årsverk medrekna domstolleiar, og ei samla bemanning på om lag 86 årsverk. Hordaland tingrett har frå same dato ein fast rettsstad i Bergen sentrum.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Postboks 7412, 5020 Bergen
- Bransje: Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Vakt og sikkerhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390047058
- Sist endret