Økonomiseksjonen søkjer førstekonsulent
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)
- Frist 09.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med samfunnsøkonomiske problemstillingar og vere tett på dei politiske avgjerdene?
Om stillinga
Seksjon for økonomi og styring høyrer inn under avdeling for styring og organisasjon i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD). Seksjonen har ansvar for samordning av departementet sitt arbeid med statsbudsjett og statsrekneskap, følgjer opp regelverk knytt til økonomistyring i staten, og koordinerer etatsstyringa av DFD sine underliggjande verksemder. I tillegg arbeider seksjonen med oppfølging av riksrevisjonssaker, internkontroll og internstyring, rekneskap, internbudsjett, samt tilskot og anskaffingar.
Seksjon for økonomi og styring har i dag 9 tilsette. Vår organisasjonskultur er prega av samarbeid, koordinering og samhandling mellom alle avdelingar og seksjonar i departementet. Hovudoppgåvene er knytte til arbeidet med statsbudsjettet og oppfølginga av det. Vi er opptekne av å leggje fram saker for den politiske leiinga og Stortinget i eit klart språk, med god og tilstrekkeleg informasjon til å kunne ta avgjerder.
Arbeidet omfattar mellom anna å:
- utarbeide eit avgjerdsgrunnlag for budsjettarbeidet til regjeringa
- utarbeide budsjettproposisjonar i samarbeid med andre avdelingar i departementet
- kvalitetssikre og koordinere innspel frå dei andre avdelingane
- behandle tekst og talmateriale i budsjettsakene
- vidareutvikle og forbetre rutinar og digitale system for styringa av prosessane i departementet
- leggje opp gode prosessar, bestillingar og malar.
- hjelpe til i styringa av underliggjande verksemder.
Hos oss vil du utføre oppgåvene både sjølvstendig og i nært samarbeid med kollegaer i seksjonen og dei andre fagavdelingane i departementet. I tillegg vil du samhandle med den politiske leiinga i departementet og med Finansdepartementet.
Vi søkjer deg som har
Nødvendige kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning på masternivå, for eksempel innan samfunnsøkonomi, statsvitskap eller samfunnsvitskap. Vi oppfordrer nyutdannede til å søke. Endelig vitnemål på bestått og fullført utdannelse må fremvises ved tiltredelse.
- Gode digitale ferdigheiter
- Svært god formidlingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg
Ønskelige kvalifikasjonar:
- Erfaring med økonomisk analysearbeid, frå jobb eller studiar
- Erfaring frå budsjettarbeid
- Erfaring frå og/eller kjennskap til offentlig forvaltning
Personlige eigenskapar:
Vi søker deg med god økonomisk sans og forståing, som ser moglegheiter og tar initiativ. Du må kunne arbeide sjølvstendig, vere nøyaktig, detaljorientert og strukturert. Du er analytisk og kan raskt setje deg inn i og finne kjernen i nye problemstillingar. Du må kunne gjere heilskaplege vurderingar av kompliserte sakskompleks og framstille desse på ein god måte, skriftleg som munnleg. I tillegg er det viktig at du:
- er serviceorientert med positiv innstilling
- trivast med å samarbeide med andre
- er god på prosess og å halde framdrift og fristar
Vi vil legge vekt på at kandidaten er personleg egna for stillinga
Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Vi tilbyr
- eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin
- ein spennande jobb i eit sterk fagmiljø
- gode utviklingsmoglegheiter
- arbeidsplass sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport
- gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid
- sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar
Løn: Stilling blir lønt som 1408 førstekonsulent frå kr 540.000-650.000. Lønsplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. Frå løna blir det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse.
Vi er opptekne av
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løysa oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir ikkje brukt til noko anna enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Informasjon til deg som søkjer
Søknad sendast elektronisk via lenkja "Søk stillinga" øvst på denne sida. Snarleg tiltreding er ønskjeleg.
Vi er opptekne av kva du kan, dine erfaringar og kompetansar, og vil difor stille deg nokre faglege spørsmål, i staden for å be deg skrive ein søknadstekst. Når du trykkjer på "Søk stillinga" kjem du til rekrutteringsportalen og må logge inn. I portalen er det viktig at du:
- svarar på spørsmåla du får innleiingsvis. Spørsmåla erstattar søknadsbrev/tekst
- fyller ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er naudsynt for mellom anna å ivareta kravet om fullstendige søkarlister
- lastar inn vedlegg (vitnemål, kurs/sertifiseringar og arbeidsattestar). Utdanning frå utlandet må dokumenterast med godkjenning frå NOKUT eller HKDir
DFD samarbeider med Semac for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken vert utført etter samtykke frå deg som søkjar, og inneber at vi verifiserer CV og anna søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få moglegheit til å trekkje søknaden.
Tryggingsklarering: Tilsetjing skjer under føresetnad at søkjar blir tryggleiksklarert på nivå Hemmelig (H). Les meir om tryggingsklarering på nettsidene til Nasjonalt tryggingsorgan (https://nsm.no/fagomrader/personellsikkerhet/).
Kontaktperson: For nærare opplysningar om stillinga kontakt avdelingsdirektør Michael Staås Tveter, tlf 93 44 35 62 eller e-post michael-staas.tveter@dfd.dep.no
Kontaktperson: For nærare opplysningar om rekrutteringa kontakt rekrutteringsrådgiver Sofie Michelle Berg Swainsbury, tlf 46 81 02 78 eller e-post sofie-michelle-berg.swainsbury@dss.dep.no
Om arbeidsgiveren
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har om lag 175 tilsette og er sekretariat for digitaliserings- og forvaltningsministeren. Departementet har ansvar for IT- og forvaltningspolitikk, elektronisk kommunikasjon, arbeid med FNs berekraftsmål, det administrative ansvaret for statsforvaltarane, statleg arbeidsgivarpolitikk og statleg bygg- og eigedomsforvaltning. Blant dei underliggjande etatane til departementet og verksemder er Digitaliseringsdirektoratet, Datatilsynet, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Statsbygg, Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og statsforvaltarane.
Avdeling for styring og organisasjon sørgjer for stabsfunksjonar for den politiske leiinga og departementsråden, utviklar styringssystem og fastset overordna retningslinjer for ei effektiv og samordna leiing av departementet. Avdelinga tek seg av administrative fellessaker og ser til at verksemda skjer innanfor gjeldande reglar og retningslinjer på det administrative området.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Akersgata 59, 0180 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Rådgivning, Samfunnsøkonomi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390176497
- Sist endret