Arbeidsleiar på snikkarverkstad
Bergen fengsel
- Frist 13.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Arbeidsleiar på snikkarverkstad
Om stillinga
Arbeidsdrifta søkjar deg som likar å jobbe med mennesker og som har fagbrev som snikkar.
Ein verksbetjent skal ha evne til å leie opplæring, sysselsetjing og oppfølging av innsette og ta sjølvstendige avgjerder innanfor eige arbeidsområde.
Verksbetjent skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konfliktløysing og i tillegg vere ein samtalepartnar og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta fagleg kvalifiseringsarbeid med innsette.
Arbeidsoppgåver
- leie opplæring, sysselsetjing og oppfølging av innsette
- arbeidsleiar for ei gruppe innsette som saman med dei tilsette skal bidra til å nå produksjonsmåla for avdelinga
- arbeide i saman med skuleavdelinga i forhold til fagopplæring
- utvikle fagområdet i samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
- produksjon av produktar til sal
- varebestilling
- HMS i forhold til gjeldande regelverk
- fokus på bærekraft og gjenbruk
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- relevant fagbrev som snikkar og relevant erfaring
- relevant erfaring kan erstatte krav om fagbrev
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- førarkort klasse B
Det er ønskjeleg at du har
- kjennskap til CNC
- truckførarbevis
- erfaring med opplæring
- erfaring med møbeltapetsering
Den som blir tilsett, må vere villig til å gjennomføre kriminalomsorga si utdanning som verksbetjent. Utgifter til utdanninga er løna.
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til tryggleikstenking
- evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med arbeidskvardagen til dei innsette
- evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
- du må vere tolmodig, ansvarsfull og fleksibel og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
- lojalitet og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- personleg eigenskap vil bli vektlagd
Vi tilbyr
- ein jobb som er viktig for den enkelte innsette og for samfunnet
- bedriftshelseteneste, velferdslag, treningsrom, gratis parkering og kantine
- gode pensjons, forsikrings- og låneordninger i Statens pensjonskasse
stillinga har dagtid 07.30 - 15.00 og uniformsplikt
- Stillingen blir løna som 0275 verksbetjent frå kr. 458 000 - 573 000 pr. år avhengig av erfaring og kvalifikasjonar.
- Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til verksmeistar Anders Bjerke tlf. 55393720 mob. 92424680
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om arbeidsgiveren
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her.
Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll. Region vest har ca. 500 tilsette i Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligg i Bergen.
Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet med om lag 200 plassar for både kvinner og menn. Fengselet legg til rette for utvikling for innsette og gjev moglegheit for ny kompetanse.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Annet, Håndverker, Omsorg og sosialt arbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390213115
- Sist endret