Vil du bli vår nye kollega?
BKS Konsern
- Frist snarest
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer røringeniørar i Sunde, Odda, Stord og Bergen.
Vi søkjer senioringeniørar og ingeniørar innan rørdisiplinen til våre kontor i Sunde, Odda, Stord og Bergen. Om du er ute etter ei spennande og variert stilling i eit lite og veletablert ingeniørmiljø håpar vi å høyre frå deg.
Hos oss vil du jobbe med varierte oppgåver gjennom heile prosjektkjeda, der det somme gonger krevst at du jobbar sjølvstendig og andre gonger at du er del av team enten internt i Zenit eller hos kunde. Du må vere villig til å ta ansvar og stå fram når det trengst, ha fokus på kvalitet og på å oppretthalde tidsfristar. Tidvis vert arbeidet utført hos kundar i store, hektiske prosjekt, så HMS er noko vi alltid må ha fokus på.
Kundane våre inkluderer store aktørar som Aker Solutions, Boliden og Hydro der vi jobbar med både langvarige utleiger og mindre prosjekteringar, og i tillegg har vi ei lang rekkje store og små prosjekteringsprosjekt for ei rekkje kundar hovedsakelig i Sunnhordaland og Ullensvangregionane. Vi ønskjer å bygge vidare på dette og også utvide kundegruppa vår på Stord og i Bergen etter å ha opna kontor der i år. Saman med dei andre selskapa i BKS-konsernet ser vi også på å ta på oss større prosjekt der Zenit vil vere ein viktig brikke i både utviklinga og prosjektleiing.
Arbeidet vil vere variert og stikkord er konstruksjon, design, analyse, berekning, prosjektering, feltbefaring og disiplinansvar, og fleire av våre kundar har behov for dyktige prosjektleiarar i alle faser av prosjekta sine. Heilt konkret innan rørfaget ser vi no auka oppdragsmengde inn mot havbruk, kraftproduksjon og annan industri, der vi treng ein erfaren røringeniør som kan løfte oss. Arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte:
- 3D modellering av rør i AutoCad Plant 3D eller tilsvarande
- Klargjering av 2D teikningar, produksjonunderlag (i samarbeid med teknisk teiknar)
- Klargjering av MTO og arbeidspakkar
- Dokumentasjon
- Samarbeid med andre fag
- Oppfølging av produksjon og installasjon (prosjektleiing)
Du må som eit minstekrav ha ein Bachelor eller Master innan relevante ingeniørfag, og erfaring innan rørdisiplinen. Det er ein fordel om du beherskar norsk godt og har god engelsk både munnleg og skriftleg.
Hos oss i Zenit vil du verte varmt motteke og gitt varierte og utviklande oppgåver. Sjølv om vi er mykje ute hos kunde er vi opptatt av å ha eit inkluderande og godt arbeidsmiljø, og har mellom anna fagdagar der alle samlast 4 gonger om året. I dag er vi 18 ansatte fordelt på dei fire kontora våre.
Kontorstad for denne stillinga vil vere ved eitt av kontora våre, enten i Sunde, Odda, Stord eller Bergen. Det må også påreknast noko reiseverksemd. I periodar kan også vekependling vere aktuelt for kandidatar som ynskjer det.
Lønnsmessig følgjer vi NITO/Tekna, og vi har gode pensjons- og forsikringsordningar.
Om oss:
Zenit Engineering AS vart etablert i 2000 og tilbyd høg faglig kompetanse innan mekanisk design, maskin, konstruksjon, rør, struktur og bygg. Vi leverer multidisiplinære løysingar inn mot landbasert industri, maritim, offshore, akvakultur og fornybar gjennom studiar, analysar, tekniske og mekaniske løysingar og totalentreprisar.
Zenit har over snart 25 år utvikla seg til å bli ein foretrukken leverandør av ingeniørtenester til ulike segment, og er stolte over å vere ein del av BKS-konsernet, som er ein integrert del av Eqva ASA. Med denne koblinga har Zenit Engineering AS tilgang til eit breidt nettverk av ressursar og kompetanse som bidreg til å styrke posisjonen vår i markedet.
Om arbeidsgiveren
TEKNISK TOTALLEVERANDØR MED GRØNT FOKUS
BKS-konsernet består av bedriftene:
- BKS Industri AS
- BKS Power & Automation AS
- BKS VVS AS
- Zenit Engineering AS
- Marine Support AS
BKS-konsernet leverer tekniske installasjoner, elektro og automasjonstjenester til kraftkrevende industri, fiskeoppdrett, skip, landbasert industri, offshorenæringen og til bygg og anlegg.
Våre leveranser består bl.a. av engineering, konstruksjon, fabrikasjon og installasjon av de fleste typer rørsystem, metallkonstruksjoner og kvaliteter.
Vi er delaktige i mange miljørettede prosjekter og er blitt en viktig leverandør til prosjekter innen bærekraftige, miljømessige investeringer. Vi ser på miljø som et viktig industrielt vekstområde.
Til sammen omsetter BKS-konsernet for over 370 mill. kroner og vi er ca. 400 medarbeidere i konsernet.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Vaskerelven 39, 5014 Bergen
- Bransje: Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Rør/struktur
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390226649
- Sist endret