Lærling i helsearbeidarfaget
Time kommune
- Frist 03.03.2025
- Ansettelsesform Lærling
Lærling i helsearbeidarfaget
Me søkjer etter lærevillige og motiverte lærlingar innan helsearbeidarfaget.
Arbeidsoppgåver
Lærlingeløp
Læretida er ordinært 2 år og vert fordelt på 3-4 avdelingar i Helse og velferd, Time kommune. Praksisen er variert slik at du som lærling skal få dekka alle kompetansemåla. Lærlingar i helsearbeiderfaget må pårekna å arbeide turnus.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Kvalifikasjonar:
- Fullført VG1 og VG2 helsearbeidarfag
- God norskkunnskap både skriftleg og munnleg
- Politiattest må leverast før tilsetting
Me ynskjer deg som er:
- Motivert
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Glad i menneske
- Omsorgsfull og viser respekt for andre
Me kan tilby:
- Tilsetting på vilkår som går fram av gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar
- Triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Lærerik praksis i godt fagmiljø
- God rettleiing og oppfølging fra instruktør
- Varierte arbeidsoppgåver
Attestar og vitnemål
Me ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format med søknaden din. Utanlandske vitnemål må vere godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no). Attestar og vitnemål må vere omsett til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Politiattest kan ikkje vere eldre enn tre månader og må leverast før oppstart i stillinga.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 10
- Sted: Sveinsvollsvegen, 4349 Bryne
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Lærling, Helsefagarbeider, Helse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390298788
- Sist endret