Førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar
Energidepartementet
- Frist 19.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med fornybar energi og vere tett på dei politiske avgjerdene?
Energidepartementet (ED) søkjer 2-3 medarbeidarar innan fornybar energi. Vi har eit viktig samfunnsoppdrag, og hos oss får du moglegheit til å bidra med å utvikle politikken og forvaltninga av energi- og vassressursane.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere knytt til konsesjonsbehandling av konkrete fornybare energiprosjekt og andre energi- og vassdragstiltak. I tillegg er det oppgåver knytt til generelle problemstillingar innan utbygging av fornybar energi og utvikling av rammevilkår slik som lover, forskrifter, retningsliner mv. Vi treng nye medarbeidarar i både Seksjon for energikonsesjonar og Seksjon for vassressursar og naturfare i Energi- og vassressursavdelinga.
Ein kan søke på stilling i begge seksjonane eller berre i ein av seksjonane. Vi ber deg om å spesifisere kva du søker på i søknadsbrevet ditt.
Seksjon for energikonsesjonar arbeider med konsesjonsbehandling og generelle spørsmål knytt til vindkraftverk, solkraftverk, fjernvarme og kraftleidningar.
Seksjon for vassressursar og naturfare arbeider med konsesjonsbehandling og generelle spørsmål knytt til vasskraftverk og andre vassdragstiltak, vassdragsmiljø og vern av vassdrag. Seksjonen har i tillegg ansvaret for departementets arbeid med flaum og skred, klimatilpassing og etatsstyringa av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Begge seksjonane har omfattande kontakt med andre departement, NVE og anna statleg og kommunal forvaltning, energibransjen og ulike organisasjonar.
Arbeidsoppgåver
Vi ser etter deg som har erfaring med, eller er interessert i, kraftsystemet og saksbehandling av utbyggingssaker med avveging av omsyn til produksjon av fornybar energi og ulike miljø- og brukarinteresser.
Arbeidsoppgåvene i eit departement løysast innanfor politiske, juridiske og økonomiske rammer. Arbeidet inneber òg å utarbeide svar på høyringssaker, spørsmål frå Stortinget, utgreiingsarbeid og tilsvarande. Du vil i tillegg kunne delta i arbeidet med lov- og forskriftsendringar og andre rammevilkår knytt til konsesjonsbehandling. Arbeidsoppgåvene vil bil tilpassa den enkelte sin kompetanse og erfaring. Nokre reiser og synfaringar i samband med behandling av saker må påreknast.
Kvalifikasjonskrav
I denne stillinga er det krav om:
- Fullført relevant mastergrad eller tilsvarande innan rettsvitenskaplege, naturfaglege, økonomiske eller tekniske fag med gode resultat. Er du student og fullfører mastergraden din våren 2025 er du òg velkomen til å søke.
- Kompetanse eller interesse innan energi, miljø og offentleg forvaltning vil bli vektlagt
- For rådgjevar/seniorrådgjevar er det i tillegg eit krav om relevant erfaring
- God munnleg og skriftleg formuleringsevne
Personlege eigenskapar
Stillingane krev evne til å arbeide strukturert og analytisk, evne til å arbeide sjølvstendig, gode evner til kommunikasjon og å finne løysningaer i samarbeid med andre. Mange av oppgåvene våre har kort tidsfrist, noko som krev fleksibilitet og evne til å prioritere. Vi er opptekne av å ta vare på det gode arbeidsmiljøet vårt, og ser etter deg som bidrar positivt til miljøet rundt deg.
Vi tilbyr
Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Kvardagen i departementet er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, og vil gi deg rask utvikling av kompetanse. Vi tilbyr:
- Oppgåver som vil gje god oversikt over forvaltninga av Noreg sine vass- og energiressursar og dei statlege forvaltningsoppgåvene innan denne sektoren.
- Moglegheit for å påverke viktige avgjerder innan dagsaktuelle tema
- Interessante og utfordrande oppgåver i eit tverrfagleg og triveleg arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid, lønna overtid og god pensjonsordning
- Årslønn i spennet kr. 550 000- 800 000. Ved særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn bli vurdert
- Kontorstad i regjeringskvartalet i Akersgata 59 i Oslo sentrum, med eige kontor
Generell informasjon
Kontaktpersoner: Ta gjerne kontakt med avdelingsdirektør Tollef Taksdal i Seksjon for energikonsesjonar (tlf. 404 63 360) eller avdelingsdirektør Anja Skiple Ibrekk i Seksjon for vassressursar og naturfare (tlf. 993 61 870) dersom du har spørsmål til stillingane.
Søknad: Vitnemål, karakterutskrifter og relevante attester må leggast ved søknaden.
Bakgrunnssjekk: Vi utfører bakgrunnssjekk på kandidaten som skal tilsettast. Tilsetting føreset at denne blir godkjend. Den som vert tilsett må kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert BEGRENSA.
Søknadsfrist: 19.02.25
Søkarliste: Opplysningar om søkarane kan offentleggjerast sjølv om du har bedt om å bli unntatt frå søkarlista, i samsvar med offentleglova § 2.
Mangfald og inkludering: Energidepartementet meiner inkludering og mangfald er ein styrke, og ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjon, livserfaring og perspektiv for å bidra til å løyse oppgåvene våre endå betre.
Du kan lese meir om rekrutteringsprosessen vår og korleis det er å jobbe i Energidepartementet på www.jobbienergidepartementet.no (http://www.jobbienergidepartementet.no)
Om arbeidsgiveren
Hovudoppgåva til Energidepartementet er å leggje til rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk.
Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvaltning av energiressursane.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Postboks 8148, Dep, 0033 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler, Vassdrag
Nøkkelord
energipolitikk, konsesjonsbehandling, vindkraft, vannkraft, lovgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390314331
- Sist endret