Ingeniør - Sikring
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
- Frist 21.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Sikringstiltak – førebygging mot flaum og skred
Vi søkjer deg som vil ta med deg di erfaring inn i eit spennande, tverrfagleg miljø med målsetting om å auke tryggleiken for folk som bur flaum- og skredutsett til. Du skal delta i overordna forvaltning av fagområdet og vil også kunne inngå som ein fagressurs i planlegging og prosjektering av sikringstiltak over heile landet. Du har evne til å arbeide tverrfagleg og overordna, men samstundes ha auge for viktige detaljar og gode løysingar.
NVE forvaltar dei statlege midlane til sikringstiltak mot flaum, erosjon og skred, og til miljøtiltak i vassdrag. Seksjon for sikring har eit overordna ansvar for å samordne NVE sin innsats i det forebyggande arbeidet, og vi har difor eit vidt spenn av kompetanseområde. I seksjonen får du kollegaer med både teknisk, samfunnsfagleg/økonomisk og naturforvaltarbakgrunn!
Hjå oss vil du få høve til å påverke, du vil få eit godt nettverk, og du vil få erfaring med mange interessante og spennande oppgåve i heile Noreg. Vi lovar deg ein arbeidsplass der du vil oppleve samhald og trivsel, og der du får ein arbeidsdag med arbeidsoppgåver som bidreg til fagleg og personleg utvikling, og som er viktige for samfunnet. Kontorstad vil vere i Oslo eller ved eit av NVE sine regionkontor. NVE har fem regionkontor som er plassert i Tønsberg, Førde, Trondheim, Narvik og på Hamar.
Arbeidsoppgåver
- vere ein fagressurs og bidragsytar inn i vår samordna innsats på sikringsområdet på overordna nivå
- bidra til etablere prosedyrar og prosessar for større og komplekse sikringstiltak, her under utvikling av vår kvalitetshandbok (t.d. sjekklister for ulike fagområde) m.m.
- bidra til vidareutvikling av rettleiarar, utvikling av regelverk ol.
- du vil kunne samarbeide med både nasjonale og internasjonale fagmiljø
- bidra inn i planlegging/prosjektering av sikringstiltak, arbeidsoppgåver vil avhenge av kompetanse
- fagleg bistand knytt til flaum-/skredhendingar og beredskap kan vere aktuelt
- dette er ei stilling som må finne sin form i takt med utfordringar vi står ovanfor, og andre arbeidsoppgåver kan difor kome til
- det må påreknast noko reiseaktivitet (inntil 40 reisedøgn i året)
Kvalifikasjonar
Krav:
- høgare utdanning på master/siv.ing.nivå innan bygg og anlegg, vassdragsteknikk/-hydraulikk eller geoteknikk/konstruksjonsteknikk, ev. tilsvarande utdanning med relevante fagkombinasjonar og erfaring
- relevant arbeidserfaring med sikringstiltak mot flaum og skred eller tilgrensande fag
- du må kunne kommunisere godt både skriftleg og munnleg på norsk
- fysikk til å kunne ferdast i ulendt terreng og delta på synfaringar
- førarkort klasse B
- tryggingsmessig skikka
Ynskjeleg/gagneleg:
- kjennskap til kvalitetsarbeid
- kjennskap til regelverk for offentleg innkjøp, her under standardar for konsulent-, bygg- og anleggskontrakter
- erfaring med planlegging eller prosjektering av sikringstiltak relatert til flaum og skred, vassbygging, veganlegg eller anna relevant bransje
- brei bakgrunn innan relevante ingeniørfag
- erfaring som prosjektleiar/prosjektmedarbeidar
Personlege eigenskapar
- du er føretaksam, tek initiativ og arbeider effektivt og systematisk
- du nyttar eigen kunnskap til å medverke til utvikling av rutinar og system i NVE
- du likar teoretisk og strategisk arbeid - både sjølvstendig og i team
- du kan takle press og er operativ ved handtering av krisehendingar
Det vert lagt stor vekt på at søkjaren er personleg eigna
Vi tilbyr
- stillinga gir stort rom for personleg og fagleg utvikling innan eit fagfelt med stor samfunnsaktuell interesse og betydning
- du vil få høve til å påverke utviklinga av fagfelta innanfor sikring mot flaum og skred
- seksjon for sikring samarbeider tett med NVE sine regionkontor, og du vil difor møte eit stort tverrfagleg miljø der dine kollegaer arbeider innanfor eit vidt fagleg spenn, t.d. med kvalitet, fagleg utvikling, prosjektering og utføring av sikringstiltak
- du vil få stor kontaktflate, både internt og eksternt
- livsfaseorientert personalpolitikk
- gode arbeidstidsordningar (flexitid, sommartid, betalt overtid)
- mulegheit for trening i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) som blant anna gir gode lånevilkår
Stillinga vert lønna innan spennet kr 580 000 - 800 000, som avdelings-/over-/senioringeniør (1085/1087/1181). For særs godt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn. Endeleg lønn er avhengig av kvalifikasjonar. Pensjonsinnskot vert trekt frå lønna etter gjeldande reglar.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse våre oppgåver betre. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen om dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssing i jobbsøkarportalen gir grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Om det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylla visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.
Vi ber om at vinemål/karakterutskrifter og attestar vert lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden. Om du ynskjer å reservere deg frå offentleg søkarliste, må dette grunngievast. Opplysing om søkaren kan verte offentleggjort sjølv om søkaren har bede om å ikkje verte ført opp på lista. Om reservasjonsønske ikkje vert teke til følgje vil søkaren verte varsla om dette før offentleg søkarliste vert utforma. Ved behov kan det verte gjennomført ein referansesjekk av kandidat(ar) som vert innstilt. Dette betyr dokument- og kjeldekontroll får å verifisere opphav og gildskap (m.a. det som vert oppgjeve i CV eller dokument som vert lagt ved.
Om arbeidsgiveren
NVE forvaltar Noregs vass- og energiressursar til det beste for samfunnet. Vi sørger for at straumen blir levert, vi overvakar og varslar naturfare, vi held tilsyn med kraftbransjen, vi utviklar regelverk, vi behandlar søknader om konsesjonar knytt til vatn og fornybar energi og vi sikrar busetnad mot naturfare. Forsking og internasjonalt utviklings samarbeid er også viktige arbeidsområde for oss, i tillegg til at vi er nasjonal faginstitusjon for hydrologi.
NVE har hovudkontor i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. I tillegg har vi fjellskredovervaking på Stranda og i Kåfjord. Til saman er vi 600 tilsette med tverrfagleg kompetanse. NVE er eit direktorat underlagt Olje- og energidepartementet.
NVE har mål om å vera ein klimabevisst og berekraftig verksemd og me jobbar aktivt med å redusera vårt eige klimafotavtrykk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Vangsvegen 73, 2317 Hamar
- Flere arbeidssteder: Kongens gate 52, 8514 Narvik, Abels gate 9, 7030 Trondheim, Naustdalsvegen 1b, 6800 Førde, Middelthuns gate 29, 0368 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Geoteknikk og ingeniørgeologi, Ingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
NVE, skred, flom, vassdrag, sikring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390474820
- Sist endret