Helsefagarbeidar
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
- Frist 11.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Helsefagarbeidar
Tilrettelagte tenester, har ledig 100 % fast stilling ved Varafjell avlastning. Tilrettelagte tenester sitt avlastningstilbod er til familie med langvarige og krevjande omsorgsoppgåver. Avlastinga gjeld for born og unge med nedsett funksjonsevne og som treng avlasting i kommunen. Det er eit tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på begge sider av fjorden, med Varafjell avlastningssenter og Os- Fusa avlastning. Sentera ligg strategisk plassert nær skule, idrettsplass og friluftsområde. I tillegg gjev vi tenester i heim og på skule.
- fast stilling i 100 %, turnus m/arbeid kvar 4. helg (langvakter på helg)
Arbeidsstad
Stillinga er for tida på Varafjell avlastningssenter.
Avlastningssenteret har tilbod for born og unge under 18 år.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver er knytt opp mot born/ungdom på avlastning og i skule.
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. I funksjonen inngår førebygging, habiliteten og rehabilitering.
Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Du må vere villig til å ta på deg primærkontakt arbeid. Dette arbeidet inneber blant anna å følgje særskilt med på barnet sitt tilbod, stille på møter og vera ein aktiv deltakar i utvikling av barnet sitt tilbod.
Vidare må du rekne med å arbeide aktivt saman med, og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sine pårørande, familie og hjelpeapparatet.
Kvalifikasjonar
Du har autorisasjon som helsefagarbeidar men har du anna relevant arbeidserfaring innan helse, og kjennskap til brukargruppa, kan dette kompensera for utdanning.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
Kjennskap og erfaring frå helse og omsorgstenestelova kap. 9 er ønskjeleg
Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar, og vil derfor oppfordra menn til å søkja.
Utlands utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Kven er du?
Fordi du ønskjer å vere ein del av eit spennande arbeidsmiljø, er denne stillinga heilt perfekt for deg. Du ønskjer utfordringar og er opptatt av å ivareta barnet som om det var ditt eige. På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gi barnet eit godt heiltidstilbod.
Du er sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner
Du er klar for noko nytt og spennande
Du er endringsvillig og spontan og du ønsker ein jobb der utfordringane står i kø.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtala
VI arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
Nøkkelord
helsefag, helsefagarbeidar, avlastning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391102632
- Sist endret