Miljøterapeut
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester for barn og unge
- Frist 11.02.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Miljøterapeut
Tilrettelagte tenester, f.t Os avlastning, har ledig vikariat i 100% stilling i turnus - frå 01.02.25 - 30.09.2025
Tilrettelagte tenester sitt avlastningstilbodet er til familie med langvarige og krevjande omsorgsoppgåver. Avlastinga gjeld for born og unge med nedsett funksjonsevne og som treng avlastning i kommunen. Det er eit tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på begge sider av fjorden (Os/Fusa) med Varafjell avlastningssenter, og Os- Fusa avlastning. Sentera ligg strategisk plassert nær skule, idrettsplass og friluftsområde. I tillegg gjev vi tenester i heim og på skule.
Arbeidsstad: Os avlastning - Stillinga er i hovudsak knytt opp mot arbeid i heim
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. I funksjonen inngår førebygging, habilitet og rehabilitering. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Du må rekne med å arbeide aktivt saman med, og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sine pårørande, familie, vener og hjelpeapparatet elles.
Kvalifikasjonar
Du har relevant høgskuleutdanning og erfaring frå arbeid med barn/ungdom med nedsett funksjonsevne.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt særleg vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Eigenskapar
Du sit barna i fokus og har god omsorgsevne. Du er engasjert og villig til å by på deg sjølv. Du likar å jobbe sammen i team og ha ett godt samarbeid med kollegaer.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Utanlands utdanning må vere godkjend av Direkotratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
miljøterapeut, vernepleiar, sjukepleiar, avlastning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391110420
- Sist endret