Bunadsansvarleg med ansvar for sal av bunad i vår butikk i Arbeidergata 1
Heimen Husfliden
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Heimen Husfliden søkjer bunadsansvarleg
Vi søkjer ein serviceinnstilt bunadsansvarleg for snarleg tiltreding i ei fast 100 % stilling. Du vil vere del av vårt sal- og serviceteam i butikken. Du er ein einar på sal og vil at den unike kundeopplevinga alltid skal vere i fokus.
Vi har Norges største utval av bunadar frå heile landet og vil vere best på husflidssortiment med utganspunkt i norsk og nordisk design og handverk. Tiltredelse frå 01.05.2025 eller etter avtale.
Dei viktigaste oppgåvene og ansvarsområda vil vere:
Du må vere glad i å jobbe i butikk, like å jobbe i et team og være en viktig bidragsytar i avdelinga. Du jobbar målretta og ein pådrivar mot å nå slagsmåla dine og likar å møte våre kundar med engasjement og entusiasme. Gjennomføre butikkens gjeldande daglege rutinar som kundebehandling, varelegg, varemottak, registrering av varer, m.m. Dagleg oppfølgning av butikkens sortiment, gjennom bestilling av tilbehør til bunad ol.
Å bestille bunad hos oss skal gje kunden kjensla av å få det vesle ekstra. Som bunadsansvarleg har du ansvar for å gje ei god kundeoppleving, framifrå service frå måltaking til den store utleveringsdagen!
Kvalifikasjonar og eigenskaper
Du har minimum 2 års butikkerfaring, interesse for bunad og kompetanse innan saum. Du må gjerne også ha svennebrev innan saumfag eller tilsvarande saumutdanning.
Kjennskap til tradisjonelle handarbeidsteknikkar brukt til bunad og dessutan ha kunnskap om tekstil, fiber og stoffkvalitetar.
Du må vere fleksibel når det gjeld å løyse uføresette hendingar og ha gode grunnleggande datakunnskapar. Stillinga følgjer butikkens rullerande arbeidsskjema.
Du har gode samarbeidsevner, er sjølvstendig, initiativrik og ansvarsfull.
Ein mangfaldig og spanande arbeidsplass med trivelege kollegaer.
Ryddige arbeidsforhold, tariff bedrift
Gode pensjons, forsikringsordningar, personalrabattar.
Om arbeidsgiveren
Heimen Husfliden består av to store husflidsbutikkar i Oslo sentrum. I butikken på Glasmagasinet finst det eit rikhaldig utval av strikkegarn, broderiutstyr, vev og hobbyartiklar medan Heimen Husflidens avdeling i Arbeidergata 1 består av ein butikk med variert sortiment og bunadsproduksjon som fokuserer på bunad og bunadstilbehør, i tillegg har vi eit breitt utval av vakre tekstilar, klesplagg, gåve- og bruksgjenstandar innan norsk og nordisk handverk og design. I produksjonsavdelinga som også ligger i Arbeidergata 1 arbeider tilsette på sy- og teiknestova med å produsere bunader.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Arbeidergata 1, 0159 Oslo
- Bransje: Annet, Butikk og varehandel, Tekstil
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bunad, kundeservice, datakunnskap, salg, samarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391121573
- Sist endret