Lærar
Vaksdal kommune
- Frist 11.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Lærar ved Dale skule
Er du vår nye lærarkollega?
Vi har plass til fleire på laget allerede frå 1. april.
Lærarstillinga er på 100 % og stillinga kan delast opp om du ynskjer oppauke, eller å kombinere stillinga med anna arbeid.
Lærarane våre skal ikkje stå åleine. Hos oss vil du bli sett av leiinga og bli tatt godt imot av verdifulle elevar og engasjerte kollegaer
Opplevingar og læring i sentrum
Dale skule opna i 2020. Det nye skulebygget har kultursal med plass til 250 gjestar, bibliotek og eit symjebasseng på 25 meter. I planlegginga av skulebygget var vi inspirerte av eit sosiokulturelt læringssyn, og vi har fått eit bygg som inviterer til samarbeid.
Dale skule er ein 1-10 skule med 235 elevar. Elevane på ungdomstrinnet kjem frå skulane på Vaksdal, Stanghelle, Stamnes og Dale, medan elevane på barnetrinnet er frå Dale og Bergsdalen.
Skulen satsar på digital undervisning og det er investert i digitalt utstyr som digitale tavler i alle rom og Chromebooks til alle elevane.
Vaksdalskulen har langsiktige satsingar som
- Lesing og har felles leseplan i samarbeid med PPT
- Inkluderande læringsmiljø, PALS og MOT
- Fysisk aktiv læring (FAL) i eit inkluderande perspektiv
- Kunnskapsreiser mot vald og overgrep
Vi har lange tradisjonar for å nytte nærmiljøet vårt aktivt i læringa og for å samarbeide på tvers av skulane våre.
Vi ynskjer å tilsetje stabile, positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som
- er tydelege klasseleiarar og har evne til å skapa gode relasjonar mellom elevane
- skapar eit godt samarbeid med elevane sine heimar
- set eleven sitt beste i sentrum
- vektlegg tilpassa opplæring, elevmedverknad og fagleg vekst
- bidreg til skulen sitt profesjonelle læringsfelleskap
- har gode evne til samarbeid og kommunikasjon
- er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi oppmodar menn til å søkja.
Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding.
Krav til kompetanse
- Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar)
- God digital kompetanse
- Krava til kompetanse på ungdomstrinnet for å undervise i norsk, matematikk og engelsk er 60 studiepoeng. I dei fleste andre fag er kravet 30 studiepoeng. Det er ynskjeleg med lærarar som har brei undervisningskompetanse.
- Søkjarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus
- Spanande og utfordrande stillingar
- Gode og kvalifiserte fagmiljø
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Video: https://www.youtube.com/watch?v=dxInsUPyp28
Slik søkjer du
Elektronisk søknad. Klikk på "Søk stillinga" og følg vidare instruksjonar.
Kontaktperson
Malin Sæterdal, Rektor Dale skule
Mobil: 98077773
E-post: malin.seterdal@vaksdal.kommune.no
Om arbeidsgiveren
I Vaksdal kommune er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere.
Gjennom engasjement bidreg våre tilsetje kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i.
Vi er opptekne av innovasjon og er langt framme på digitalisering.
Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
Vaksdal kommune ynskjer at arbeidsstaben skal spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hol i CV-en eller funksjonsevne.
Nokon av Vaksdal kommune sine stillingar kan ha eigne helsekrav og fysiske krav.
Etter offentlegheitsloven § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå på søkjarlista.
Vaksdal kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling.
Attestar og vitnemål må legggast ved søknaden.
Høgare utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor, Omsorg og sosialt arbeid, Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391125206
- Sist endret