
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Klima- og miljødepartementet
- Frist 23.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søker ein dyktig og allsidig jurist som ønsker å jobbe med miljø i polarområda i nord og i sør!
Kva gjer vi i polar- og nordområdeseksjonen?
Vi har ansvar for nasjonal politikkutvikling og internasjonalt arbeid knytt til miljø i polarområda. Seksjonen har spesielt ansvar for forvaltning av naturmiljøet og kulturminner på Svalbard, etatsstyring av Norsk polarinstitutt, Svalbards miljøvernfond og miljøvernarbeidet hos Sysselmesteren på Svalbard. Seksjonen forvaltar statens eigarskap i Kings Bay AS, har ansvar for miljøvernsamarbeid i nordområda, og organisatoriske spørsmål knytt til Fram Nordområdesenter for klima- og miljøforsking ("Framsenteret"). Utvikling av forskingsbasert kunnskap om miljø i polarområda er eit viktig verkemiddel i vårt arbeid.
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
Arbeidet i seksjonen har stor breidde og variasjon og ein dynamisk arbeidskvardag som er prega av utviklinga i polarområda. Viktige oppgåver i seksjonen framover blir å følge opp tiltaka i miljøkapitlet i stortingsmeldinga om Svalbard frå 2024 og det internasjonale arbeidet knytt til Antarktistraktaten.
Arbeidsoppgåver:
- utvikling av miljøregelverket for Svalbard og Antarktis og arbeid med klagesaker på området
- følge opp tiltak i miljøkapitlet i stortingsmeldinga om Svalbard fra 2024
- gje faglege råd til politisk leiing om miljøpolitikk, miljøforvaltning og kulturmiljø i polarområda
- delta i eierstyring av Kings Bay AS i Ny-Ålesund
- følge opp etatane i miljøforvaltninga i polarområda (Norsk Polarinstitutt, Miljødirektoratet, Riksantikvaren og Sysselmesteren på Svalbard)
Vi søker deg som har følgande bakgrunn:
- mastergrad i rettsvitskap frå Noreg med gode karakterar
- relevant arbeidserfaring, fortrinnsvis frå departement eller offentleg forvaltning på miljøområdet, men relevant erfaring frå advokatverksemd eller tilsvarande kan også vere aktuelt
- kjennskap til norsk miljøforvaltning
- gode evnar til formulering på norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
det er ønskeleg med kjennskap til Svalbard og norsk svalbardpolitikk
Stillinga krev at du må kunne klarerast for «Hemmeleg».
For å lukkast i stillinga må du:
- vere analytisk og strukturert
- ha evne til strategisk tenking og planlegging
- ha gode evnar til samarbeid og kommunikasjon og like å jobbe i team for felles resultat
- ha forståing av rolla som embetsverk for politisk leiing
- det vil bli lagt stor vekt på personlige eigenskapar
Kvifor skal du jobbe hos oss?
- Vi kan tilby et dynamisk arbeidsfelt med eit bredt spenn av komplekse oppgåver knytta til miljø på Svalbard og i Antarktis
- Oppgåvene krever eit godt og tverrfagleg samarbeid med kolleger i andre departement
- Du får bidra med faglege råd for den politiske leiinga om viktige miljøspørsmål i norsk svalbardpolitikk og antarktispolitikk
- Du får jobbe med ei gjeng engasjerte og dyktige kollegaer
- Klima- og miljødepartementet gir gode moglegheiter til utvikling
Vi kan tilby mange sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert 1 1/2 time trening i arbeidstida per veke. Lokala våre ligg sentralt i Oslo, med takterrasse, eigen sykkelparkering, og det er kort veg til offentleg transport. Vi arbeidar for fellesskap og samarbeid på tvers.
Vi er opptekne av:
Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng derfor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet, og som tek i bruk potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Vi arbeider for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og/eller som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Vi har gode tilretteleggingsmoglegheiter, og fleksibel arbeidstid tilpassa ulike fasar i livet.
Lønn:
- Årslønn for rådgjevar fra kr 600 000- 720 000
- Årslønn for seniorrådgjevar fra kr 680 000 - 850 000. For særlig kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå lønna.
Avhengig av dine kvalifikasjonar og år med relevant arbeidserfaring vil du bli tilsett som rådgjevar eller seniorrådgjevar, jf. personal- og lønnspolitikken i departementet. Som ein hovudregel blir det kravd minimum to års relevant erfaring for å bli rådgjevar, og fem år som seniorrådgjevar.
Er dette stillinga for deg? Les dette:
- Vi ber om at du lastar opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
- Utanlandske vitnemål må vere godkjent, sjå meir på hkdir.no.
- Vi tek vare på personopplysningane dine i samsvar med GDPR.
- Ver merksam på at opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om å vere unnateken frå søkjarlista. Du blir i så fall orientert om dette på førehand.
- Kvalifiserte kandidater med ulik arbeids- og livserfaring blir oppmoda til å søkje.
Om arbeidsgiveren
Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i klima- og miljøpolitikken til regjeringa. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Enova, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk kulturminnefond, Norsk Polarinstitutt, Riksantikvaren og Svalbards miljøvernfond, og har om lag 260 tilsette.
Kulturmiljø- og polaravdelinga består av to seksjonar på kulturmiljøfeltet, samt Polar- og nordområdeseksjonen. På kulturmiljøfeltet har avdelinga ansvar for regelverk og forvaltning om kulturminne og kulturmiljø, i tillegg til internasjonalt arbeid på bl.a. verdsarv/Unesco og EU/EØS. Avdelinga har på kulturmiljøfeltet etatsstyringsansvar for Riksantikvaren og Norsk kulturminnefond, og kontakten mot den regionale kulturmiljøforvaltninga. Polar- og nordområdeseksjonens arbeid dreier seg i hovudsak om regelverk, politikkutvikling og forvaltningsoppgåver knytt til Svalbard, nordområda og Antarktis.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kongens gate 20, 0153 Oslo
- Bransje: Miljøtjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Advokat, Advokatfullmektig, Jurist
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391199369
- Sist endret