Økonomi- og berekraftskonsulent
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
- Frist 15.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Økonomiavdelinga søker ny kollega
Økonomiavdelinga har i alt 7 tilsette og har mellom anna ansvar for utarbeiding av rekneskapen og konsernrekneskapen for SpareBank 1 Sogn og Fjordane og dotterselskapa Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS, Eigedomsmegler 1 Sogn og Fjordane AS og Bankeigedom Sogn og Fjordane AS. I tillegg utarbeider vi rekneskapen for den største eigaren til banken, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Ein av våre tilsette skal starte i ei anna avdeling i banken og vi søkjer etter økonomi- og berekraftskonsulent ved økonomiavdelinga i Førde.
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og i hovudsak omfatte:
- Rekneskapsføring og handtering av inngåande fakturaer inkl. å ta i bruke eit nytt fakturahandteringssystem
- Kontroll og avstemming
- Intern- og ekstern rapportering
- Effektivisering av arbeidsprosessar
- Kontroll av banken sitt arbeid med berekraftsrapportering
Banken nyttar økonomisystemet BGL, som er ei banktilpassa utgåve av systemet Unit 4 (tidlegare Agresso). Banken følgjer dei internasjonale rekneskapsreglane IFRS. Banken er pliktig til å rapportere etter CSRD regelverket frå 2025, som inneber omfattande rapportering av banken sitt berekraftsarbeid.
Til stillinga søkjer vi deg som:
- er strukturert, nøyaktig, serviceinnstilt, utviklingsorientert, engasjert og lærevillig
- har utdanning på høgskulenivå innanfor økonomi/rekneskap
- har god kunnskap om rekneskap, skatt og avgift
- har god erfaring med bruk av excel og generelt gode IT kunnskapar
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne i både norsk og engelsk
- vil vere ein pådrivar til å ta i bruk ny teknologi for å effektivisere arbeidet
- har kunnskap om og interesse for berekraftsrapportering
Erfaring frå kundesystem eller økonomifunksjon i bank, finansielle instrument, analyseverktøy som Power BI og kjennskap til IFRS vil vere ein fordel.
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Har du spørsmål om stillinga, kontakt økonomisjef Ingeborg Aase Fransson tlf. 481 67 075.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til det.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Langebruvegen 12, 6800 Førde
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap
Nøkkelord
Økonomi, Rekneskap, Fakturering, Rapportering, Berekraft
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391225762
- Sist endret