Sikkerhetsrådgiver
Helse Vest IKT
- Frist 02.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med risikostyring i helsesektoren?
Sikker og moderne IKT er viktig for at sjukehusa skal kunne drive effektivt og godt, òg i framtida. Helse Vest IKT har ansvar for produksjon av IKT-tenester til alle sjukehusa i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit. Med cirka 1300 system og i overkant av 30 000 sluttbrukarar, er vi blant dei største IKT-miljøa på Vestlandet.
Seksjon for IKT-sikkerheit har i dag 15 engasjerte medarbeidarar. Av desse arbeider fem med risikostyring som hovudoppgåve. Arbeidsoppgåvene til seksjonen inkluderer tilrettelegging og gjennomføring av risikovurderingar, dagleg ansvar for prosess for informasjonssikkerheit, og styringssystem for informasjonssikkerheit og personvern i Helse Vest IKT. Vidare vil det bli oppgåver innan bistand til prosjekt med kravspesifikasjonar, leverandørstyring, internkontroll og sikkerheitskultur. Seksjonen består i tillegg av CERT (Computer Emergency Response Team), ein Sikkerheitsarkitekt og ein IAM-arkitekt.
Helse Vest IKT har kontor i Stavanger, Haugesund, Førde og Bergen. Arbeidsstad vil dermed vere ein av desse stadane.
Vi søker nå en Sikkerheitsrådgjevar som vil vera med på å verna kritisk infrastruktur i helsesektoren. Hos oss får du ei sentral rolle i arbeidet med risiko- og sårbarheitsvurderinger (ROS), styringssystem for informasjonssikkerheit og personvern (GRC), og dessutan internkontroll og sikkerheitskrav i anskaffingar. Me ser etter deg som vil bidra til auka sikkerheit og robustheit i ein av Noregs viktigaste bransjar.
Arbeidsoppgåver
- Vere rådgjevar og pådrivar for verksemda sitt arbeid med informasjonssikkerheit og personvern
- Gjennomføre og hjelpe med risiko- og sårbarheitsanalysar
- Vidareutvikle og operasjonalisere styringssystem for informasjonssikkerheit og personvern
- Opplæring og haldningsskapande arbeid på området informasjonssikkerheit.
- Vere med å bygge ein god sikkerheitskultur
- Bidra med sikkerheitsrådgjevnad i prosjekt, og sikkerheitskrav i anskaffingar
- Bidra i arbeidet med kontinuerleg forbetring og utvikling av arbeidsprosessar
Kvalifikasjonar
- Du har relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet, eller relevant arbeidserfaring som kan kompensere for dette
- God IT-kompetanse og teknisk forståing
- Du må kunne sikkerheitsklarerast, og politiattest vil bli henta inn
- Du har god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk og engelsk
For oss er det fint om du har erfaring med eit eller fleire av desse områda:
- Ulike områder innan strategisk, teknisk og operativ sikkerheit
- Erfaring med risikostyring og risikovurderingar
- Styringssystem og standardar for informasjonssikkerheit, risikostyring, kontinuitet og internkontroll (ISO 2700x, TOGAF, CIS, CISSP o.l.)
- Bransjespesifikke lovverk, samt etterleving av regulatoriske rammeverk for informasjonshandtering, personvern/GDPR, datalagring og sikkerheit
- Informasjons- og sikkerheitsarkitektur og -prinsipp
- Erfaring med internkontroll og revisjonsarbeid
Personlege eigenskapar
- Jobbar godt i team, men kan òg jobbe sjølvstendig
- Er samarbeidsvillig og har gode mellommenneskelege eigenskapar
- Er strukturert og evnar å følgje opp oppgåver på eiga hand og saman med andre
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Personlig egnethet vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt og stort fagmiljø innan IKT-sikkerheit, risikostyring og personvern i eit innovativt og driftig arbeidsmiljø i Helse Vest IKT
- Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling, og støttar opp under samfunnsoppdraget
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Vidareutdanning/kursing
- Moglegheit til heimekontor
Søknadar vil bli vurderte etter kvart som dei kjem inn.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Øvregata 126, 5527 Haugesund
- Flere arbeidssteder: Professor Olav Hanssensvei 7A, 4021 Stavanger, Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen, Naustdalsvegen 5, 6800 Førde
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, IT-sikkerhet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sikkerhetsstyring, GRC, ROS, risikostyring, risikovurdering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391276411
- Sist endret