Prosjektleiar mat og drikke
Dyrsku'n Arrangement AS
- Frist 5.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Prosjektleiar mat og drikke - Dyrskun
OM STILLINGA
Som prosjektleiar vil du ha ansvaret for å leie og koordinere prosjekt som fremjar berekraftig
produksjon og utvikling av norsk mat og drikke.
Du vil samarbeide tett med både offentlege og private aktørar, og du vil spele ei sentral rolle
i å byggje relasjonar og auka synlegheita for Dyrsku’n sitt arbeid.
Stillinga er av både strategisk og operativ art.
KVALIFIKASJONAR
• Relevant høgare utdanning
• Erfaring frå prosjektleiing, gjerne med fokus på mat- og drikke-sektoren.
• Evne til å byggje nettverk og samarbeide med ulike interessentar.
• Sterke kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og munnleg.
ME TILBYR
• Ei spanande og utfordrande stilling med stor grad av sjølvstende.
• Moglegheit til å påverka utviklinga innan norsk mat og drikke.
• Eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
• Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår.
Om arbeidsgiveren
Med nær 160 års historie med stolte tradisjonar er Dyrsku’n ein unik arena for norsk mat og landbruk. Kvart år samlast meir enn 90 000 besøkande for å oppleve dei beste lokale råvarene, dyr, kultur og handel hjå over 800 utstillarar med ei samla omsetning på over 500 millionar kroner. Dyrskuplassen er ein levande møteplass gjennom heile året, med arrangement som Vårmarknaden, Countryfestivalen og fleire utleigeaktivitetar. Med våre 14 dedikerte tilsette legg vi til rette for ein arena der tradisjon og framtid møtest, og der verdiskaping og opplevingar står i sentrum.
- Sektor: Privat
- Sted: Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord
- Bransje: Event og arrangementer
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Prosjektledelse
Nøkkelord
prosjektleiar, mat, drikke, norsk matproduksjon, utvikling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391367825
- Sist endret