Økonomimedarbeidar
Bedriftshelse1
- Frist 3.3.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Har du lyst til å vere med på laget vårt? Bedriftshelse1 har ledige vikariat som økonomimedarbeidar i Sogndal
Ledig vikariat som Økonomimedarbeidar med mulegheit til forlenging
Bedriftshelse1 har ledig 100% vikariat som økonomimedarbeidar i eit år ved vårt hovudkontor i Sogndal. Du skal være ein del av administrasjonen og vi ynskjer ein medarbeidar med økonomibakgrunn/rekneskapsførar som vil ha varierte administrative arbeidsoppgåver. Du skal jobbe med rekneskap og økonomi, fakturering, internkontroll, kursporteføljen vår og utføre ulike andre administrative oppgåver. I første omgang er dette eit vikariat, men vi ser at vi på sikt har behov for meir ressursar i administrasjonen.
For stillinga gjeld:
• Gode samarbeids– og kommunikasjonsevne
• Gode datakunnskapar
• Høg arbeidskapasitet og tole eit høgt tempo
• Analytisk og løysingsorientert
• Strukturert og ha høgare danning
• Evne til å jobbe i team, vere engasjert og initiativrik
• Evne til å knyte gode relasjonar til kollega og vere med på å utvikle arbeidsmiljøet
• Gode munnleg og skriftleg framstillingsevne
• Fleksibel arbeidstid
Vi kan tilby:
• Utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver i ein bransje som er i stor endring
• Tverrfagleg, hektisk og godt arbeidsmiljø
• Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
• Lønn og andre vilkår etter avtale
• Kontorstad er Sogndal
Søknad med CV, vitnemål og attestar sender du til post@bedriftshelse1.no.
Spørsmål om stillingane kan rettast til administrerande direktør Randi Marie Sjøholt mobil: 952 35 874 eller økonomisjef Siri Hatlevoll Helle mobil: 901 94 770
Søknadsfrist: 03.mars 2025
Om arbeidsgiveren
Bedriftshelse1 er ein lokal leverandør av førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Bedriftshelse1 er ei offentleg godkjent bedriftshelseteneste med avdelingar i heile Vestland fylke. Bedriftshelse1 har 13 kontor med 56 tilsette. Hovudkontoret ligg i Sogndal. Du finn meir informasjon på våre nettsider www.bedriftshelse1.no
- Sektor: Privat
- Sted: Fossetunet 1, 6856 Sogndal
- Bransje: Helse og omsorg, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
økonomimedarbeider, rekneskap, internkontroll, kommunikasjon, engasjert
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391385852
- Sist endret